
|
Fagbrev i uniform
Gjennom Forsvaret kan lærlingar få ei annleis læretid - i uniform. Spesielt ettertrakta er fleire maritime lærlingar.
Av Marita Myklebust Tonning og Morten Aune

| | LÆRLING: Kjersti Kausland Lokøy er lærling i uniform ombord på KNM Otra. Foto: Forsvaret |
I tidsrommet 13. til 21. november seglar i den samanheng skuleskipet M/S Gann på Vestlandet med stopp og vitjing av skuleelevar på dei største stadane. Toktet er et samarbeid mellom Forsvaret, Maritimt opplæringskontor for Sørvest-Norge, rektor på skuleskipet Gann, maritime skuler og Maritimt forum.
– Her samarbeidar Forsvaret og dei sivile om rekruttering til maritime fag. Når kandidatane er ferdig utdanna må vi kjempe om dei, fortel kommandørkaptein Kjell Vidar Skoglund, sjef for Opplæringskontoret for Forsvaret.
Han legg til at Forsvaret er landets største lærebedrift.
Erfaringsrikt
I dag har Forsvaret 532 lærlingar. Målet er å ha rundt 80 lærlingar innanfor maritime fag.
Ein av dei 532 som har valt maritimt er matroslærling Kjersti Kausland Lokøy (19). Ho har deltatt på toktet med M/S Gann frå fyrste dag.
Etter å ha fullført grunnkurs mekanisk og VK1 sjøfartsfag søkte ho seg inn i Forsvaret.
– Å vere lærling i Forsvaret er interessant og spanandes. Man får lære mykje som andre lærestader ikkje kan tilby, fortel Lokøy.
Ho valte å satse på maritime fag for opplevingas del, og har aldri angra.
– Tida går så fort og man har det så kjekt, seier ho.
- Dersom man ynskjer ei annleis og ekstra begivenhetsrik læringstid, bør man velje Forsvaret, seier Lokøy oppfordrande.
Ho tykkjer det er morosamt å få vere med på rekrutteringstokt med M/S Gann, få prate med ungdommen, fortelje korleis ho har det i Forsvaret og prøve å få dei interesserte i liknande arbeid.
Ettertrakta ungdom
Norsk maritim sektor har per i dag eit langsiktig rekrutteringsbehov som ikkje dekkast. Ungdommen som besøkjer skuleskipet er derfor ettertrakta av den maritime bransjen.
– Hensikta med toktet er fyrst og fremst å få ungdommen til å velje ei maritim utdanning, anten det er sivilt eller militært, seier Skoglund.
Han påpeikar at ved å ta læretida i Forsvaret, kombinert med anten fyrstegongstenesta eller befalsutdanning, kan mannlege lærlingar spare inn eit år.
Også jenter er ynska velkommen. Totalt er 28,5 prosent av Forsvarets lærlingar jenter, men prosenten er ein del lågare blant dei maritime faga.
– Derfor er det et viktig poeng at vi også ynskjer jenter til å søkje maritim utdanning. Det er viktig for oss å ikkje ekskludere nokon for å få tak i dei beste, seier han.
Maritime karrieremoglegheiter
Skoglund fortel at lærlingar som vel maritime fag i Forsvaret har gode karrieremoglegheiter. Sjøforsvaret har laga eit utdanningssystem basert på lærlingar. Inntakskravet er fagbrev innanfor motormannfaget eller matrosfaget.
– Sjøforsvaret er avhengig av et tilstrekkelig rekrutteringsgrunnlag for å fylle opp sjømilitære fagutdanningar. Sjøforsvarets lærlingar har verdifull kompetanse som det er viktig at Sjøforsvaret vidareutviklar og drar nytte av, avsluttar han.
Maritime lærefag i Forsvaret
|

|