Tekst og foto Katrine Gramshaug
- Eg er på eit to år langt utveklsingsprgram frå British Royal Navy, fortel Curry på prikkfritt vestlandsdialekt når me treff han på messa om bord i KNM Jo. Før han reiste frå Storbritannia til Noreg hadde han førebudd seg med 300 timar norskopplæring. No er han meir norsk enn engelsk.
- Eg vart fantastisk godt teken i mot då eg kom om bord fyrste gongen. No kjenner eg meg nesten som norsk. Når eg har valet om å snakka engelsk eller norsk på sambandet så slår eg helst over til norsk, ler Curry. - Etterkvart har eg fått til vestlandsdialekta meir og meir og det likar eg, fortel han.
Kjempar om æra
Under mesterskapet har han ikkje gjort skam på skvadronen. - Eg har deltatt i både 100 meter, kule, hivelinekast og 1000 meter stafett, forklarer Curry.
- Det er svært kjekt å vera med på Marinemesterskapet. Eg er spenn klar til å gjera ein god innsats, fortel den energiske kapteinløytnanten. - Særleg trur eg det er spennande for dei menige. For mange av dei er det nok eitt av høgdepunkta i løpet av året dei er om bord, seier Curry.
Det fins ikkje tilsvarande arrangement i den britiske marinen. - Under mesterskapet her i Kristiansund er jo nesten heile den norske marinen samla. Det hadde me neppe klart i Storbritannia, fortel Curry.
- Kvifor ville du koma til vesle Noreg?
-Sjølv om det norske Sjøforsvaret er lite, er det mykje me i Royal Navy kan læra, meiner Curry. Særleg har me mykje å læra frå MTB-våpenet. - Storbritannia har jo ikkje MTBar i sin struktur, men dei kan vera ein stor trussel mot fregattane og destroyarane våre, fortel Curry. Med to år i Noreg har han lært seg å tenkja som ein MTBar og veit korleis dei små missiltorpedobåtane opererer.
- Eg håper jo at mannskapet om bord har lært noko av meg og, slik at det ikkje berre er eg som har fått noko ut av opphaldet om bord.
Blitt ein ekte MTBar
Kollegane om bord fryktar for korleis det vil gå med Curry når han kjem over på engelske fregattar att. - Det er nok noko meir formelt om bord i dei store fartøya våre enn det er her, innrømmer Curry. Kapteinløytnanten har etter to år om bord lært seg å både snakka og te seg som ein ekte MTBar. - Han må nok læra å eta på nytt att no når han skal inn i ei engelsk fregatt-messe att, skyt skipssjefen lattermildt inn. - Eg har lært det eg treng for å klara meg om bord og kan no både vitsa og banna som ein ekte MTBar, flirer Curry.
Lieutenant Commander Curry har stor sans for å samarbeide med menige om bord. -Verneplikta er ei fin ordning som de har i Noreg. På den måten får mange kjennskap til Forsvaret og korleis det fungerar. Når gastane etterkvart blir eldre og kjem i posisjonar i samfunnet vil dei lettare forstå kvifor Forsvaret er viktig og kvifor det bør få pengar, trur Curry. - Dessutan må det jo vera fantastisk for 19-åringane å koma om bord å få vera med å segla langs den vakre kysten i eit heilt år.
Trivs langs kysten
- Eg er svært fascinert av norskekysten, det er mange vakre stader her, men då kona ville reisa med Hurtigruta på bryllupsreise sa eg nei. Det vart litt for mykje, ler Curry, -Det får me heller gjera når me blir eldre, legg han til.
- Eg bur jo i Bergen, men må nok sei at Trondheim er den finaste byen, seier engelskmannen, vel vitande om at det ikkje fell i god jord blant bergenske kollegaer. - Men eg kan avkrefta at det regnar så mykje i Bergen som alle vil ha det til. - Det stemmer ikkje det eg las i engelske reisehandbøker før eg reiste.
- Kva har vore det kjekkaste med opphaldet?
- Eg likar hurtigkøyring med MTBar aller best. Det er berre heilt utruleg å køyra så fort langs kysten. - Det eg likar minst er at det ikkje alltid er vatn nok til å dusja om bord. - Eg likar å få dusja og skifta klede kvar dag. Det er det ikkje alltid me kan. Det verste var ein gong eg gjekk fem dagar utan å få dusja. - Men, tek me om bord meir vatn så går ikkje båten så fort, har dei forklart meg, seier engelskmannen litt oppgitt.
Imponert over Skjold
Curry er imponert over Sjøforsvarets superraske MTB, KNM Skjold. - Det plar alltid vera slik at det er Luftforsvaret som har det tøffaste utstyret, men med MTBar i Skjold-klasse har den norske marinen verkeleg fått noko å vera stolt over, meiner Curry.
I august reiser Curry heim att til Storbritannia for å ta meir utdanning. - Men eg håpar at eg kan koma att. Mitt mål er eingong å bli marineattache i Norden, avsluttar Lieutenant Commander Robert Curry.