Tekst og foto: Helge Andrè Njåstad
- Eg hadde ein liten misstanke, sa tyskaren Siegfried Domann då sjef for teknisk divisjon i FLO/SJØ kommandør Geir Kilhus, sjef for skipteknisk avdeling FLO/SJØ kommandørkaptein Sten Ivar Alvsaker og orlogskaptein Morten Jansen kom og henta dei to på kontora til Bertel O. Steen på Lakesvåg. Hans-Kristian Drægni hadde fått beskjed han skulle i avskjedsselskap til Domann, og ante lite om kva som venta.
Drægni har arbeida med MTB-båtar i over 40 år, fortel kommandør Kilhus, som sjølv er blitt opplært av Drægni. - Då eg var om bord som kadett var Drægni fyrste maskinist, fortel kommandøren som legg til at Drægni skal ha litt av æra for at han sjølv er komen så langt.
Ville droppe sølvbryllaupstur
Hans-Kristian Drægni får gode skyssmål frå sine kollegar. - Han kan det meste om MTB-båtane og er i stand til å utføre det meste. - Ofte byrjar han sjølv å skru når verfta ikkje gjer jobben godt eller raskt nok, fortel Alvsaker og Kilhus. Drægni er også sjølvskriven på plass ved havari. Han har vore tilstades på alle havari, bortsett frå då KNM Jo gjekk på land i vinter. Då var Drægni på sølvbryllaupstur. - Eg trur da stakk han djupt at han måtte reise på den turen, fortel Kilhus. - Hadde han fått beskjed om å komma, hadde han nok kansellert heile sølvbryllaupsturen, trur Kilhus.
Lange 14 dagar
Tyskaren Siegfried Domann arbeider for Bertel O. Steen som leverer MTU-motorene som vert nytta i dei fleste marinefarty i dag. Domann skulle for om lag 30 år sidan ein 14 dagars tur til Noreg for å rettleie om motorane. Turen vart noko utvida kan ei sei, sidan Domann framleis er i Noreg og har vert i teneste for Bertel O. Steen og sjøforsvaret sidan. - Domann har vore ein svært god støttespelar for det norske forsvar, seier Alvsaker og Kilhus. - Han har hatt gode kontaktar i leiinga i MTU og dermed føreslått endringar utifrå dei erfaringane det norske forsvar har hatt.
Elektronikk eit skjellsord
Mange ynskte bilete av dei to MTB-pensjonistane då dei gjekk om bord i dag. - Elektronikk er eit skjellsord for meg, sa Domann då han fekk auge på dei digitale kamera. - Eg har funne ut at det har ikkje vore færre havari etter at elektronikken fekk innpass om bord i fartya. - Drægni! Me har nokre problem om bord som du må sjå på, sa skipsjefen då den pensjonerte maskinisten kom om bord. - Vent til eg får tatt på meg nokre andre klede fyrst så skal eg sjå på det, sa ein spøkefull Drægni. For ein som har hatt MTB-båtane i bakhovudet i over 40 år var det kanskje ikkje ein spøk likevel?