No skal skipsjefen frå Voss gjera heilomvending og mønstre om bord i Kongeskipet som nestkommanderande. - Det blir ein utfordring det. Det blir omtrent heilt motsett som i dag, fortel Nagell-Dahl. - Men det vert litt vemodig å forlate fartøyet, medgir Nagell-Dahl.
Arne Nagell-Dahl vart kjendis midt opp i "Sleipner ulykka". Nagell-Dahl gjorde det han kunne for å få ut informasjon om ulykka og samarbeide svært godt med media. Som takk for dette vart han tildelt Haugesund Journalistlag sin pressepris.
KNM Tyr har ein utrustning som er gunstig for å bistå i sivile oppdrag langs kysten. Likevel vil skipssjefen anslå at om lag 70% av tida til KNM Tyr er i miletærregi, med fokus på blant anna minelegging til øvingar. - Vi plukkar også opp ein del torpedoar som er mista, fortel Nagell-Dahl.
Nokre av dei mest kjente oppdrag fartøyet har hatt:
- Helikopterulykka i Førdefjorden, oktober 1996. Fartøyet fant og heva både helikopter og dei omkomne frå 282 m djup.
- Fartøyet fant og filma lastebåten Ulsund som gjekk ned med ni finske sjøfolk utanfor Jærens Rev i 1997
- Fartøyet fant og undersøkte/filma det greske fartøyet Leros Strenght som gjekk ned med 20 polske sjøfolk utanfor Stavanger i februar 1997
- Funn og heving av det norske F-16 flyet som styrta i Bindalsfjorden i slutten av mai 1997.
- Funn av det tyske transportskipet Palatzia som ble senka under 2. verdskrig (den nest største skipskatastrofen i norsk historie)
- Relokalisering og filming av den norske ubåten KNM Uredd som sank under 2. verdskrig
- Lokalisering og filming av den tyske ubåten U-735 som ble senka utanfor Horten under 2. verdskrig
- Søk og funn etter savnede fra M/S Sleipner utanfor Haugesund (januar-april 2000)
- Filming og funn av det polske troppetransportskipet Chrobry som ble senka i Vestfjorden under 2. verdskrig (mars 2000)
- Funn, lokalisering av Scharnhorst i samarbeid med NRK Brennpunkt.