Sjefen for Kyststridsflotiljen, kommandør Nils Johan Holte, framheva kor vidt bruksfelt båtane har. Båtane sin funksjon er i fyrste rekke å ivareta personellsikkerhet under øvingar og opplæring i bruk av gummibåtar.
Dei skal óg brukast til ambulansetransport, i tillegg til at båtane vil få ein operativ funksjon i Kystjegerkommandoen, blant anna med sluttutrustning med mitraljøser. - Eg ser fram til å bruke fartøya i desse rollene, sa ein nøgd flotiljesjef.
Også sjef FLO/SJØ, kontreadmiral Jan G. Jæger, var nøgd med det han såg. - Eg håpar me kan stå rakkrygga når båt nr. sju er klar, sa Jæger. FLO/SJØ sjefen takka alle dei som var med på prosjektet. - Me har hatt svært god dialog internt og opp mot leverandør, noko som er svært viktig, sa Jæger.
Direktøren for Maritime Partner, Peder Myklebust var og svært nøgd med kontrakten med Forsvaret. Kontrakten som er verdt om lag 36 millionar kroner, er den største for ålesundsverksemda, men minst like viktig er marknadsføringsverdien av å ha Forsvaret i kundeportefølja, meinte direktøren.
Høgdepunktet for dagen var sjølvsagt prøveturen med dei to nye stasbåtane. Det var mange smil å sjå medan fartøya testa ut dei forskjellege funksjonane. Mest imponerande var det å sjå når båten bråstoppa frå ein hastighet på 40 knop i løpet av berre 3-4 sekund. Fartøya vert no stasjonert på Trondenes. Seinare vil eit fartøy bli plassert på Befalsskulen i Horten og eit på Haakonsvern for opplæring av personell.
Sjefen for Kyststridsflotiljen, kommandør Nils Johan Holte og sjef FLO/SJØ, kontradmiral Jan G. Jæger var begge svært nøgd med dei nye båtene.