Forsiden Arkiv Fakta Kysteskadren Kystvakten Sjøforsvarets skoler Nettstedskart Kontakt
 
Forsvarsnett : Sjøforsvaret :

Innhold


Sjøforsvaret
Oslo mil/Akershus
0016 Oslo
55 50 20 00

Utdanningstips
Få utdanningstips om Forsvaret på SMS,
send TIPS til 1980

Spørsmål om utdanning i Forsvaret via SMS,
send SPM + spørsmål til 1980

Bli oppringt,
send SAMTALE til 1980


 



Helge Njåstad, 2002-08-30


Til Shetland med stein

Kystvaktskipet Voldstad Jr la i dag i frå kai på Haakonsvern fullasta med stein på veg mot Shetland.


Steinen som kjem frå 24 ulike kommunar i landet skal utgjera eit monument over dei falne i Shetlandsgjengen under 2. verdenskrig.

Fredag 30. august fekk skipsjef Ingebrigt Storebø overlevert stein frå kommunane sør for Bergen. Skøyta M/K Helan har alt levert stein frå 12 kommunar nord for Bergen.

Byråd for service, utvikling og tekniske tjenester Nils Arild Johnsen (Sp) frå Bergen hadde møtt opp på kaien for levera stein frå Bergen. Ordførar Albrigt Sangolt (H) frå Sund kommune hadde og tatt turen til Haakonsvern for å sjå til at sundsteinen kom vel om bord.

KV Voldstad Jr vil overlevera steinen på Shetland til neste helg. 21. juni 2003 vert det avduking av monumentet som vert plassert i Scalloway.





 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.