Tekst og foto: Vidar B. Hope
Juli-kullet er det største, også i år. Sundag kom det rundt 560 rekruttar frå Madla-leiren til Haakonsvern - eit tal som er svært høgt. Og dei fleste verkar positivt innstilt.
Ein av dei nøgde er Torbjørn Simmenes frå Osterøy. - Lunsjen er svært god og ein har mykje større fridom her. Og så slepp ein det "stresset" som var på Harald Haarfagre!

|
| Torbjørn Simmenes |
Maskinist, John Steinar Thomasen frå Etne likar seg også godt i nye omgivnader, men har også ein liten minus han vil få fram. ý Eg meinar det er svært låg standard på lugarane. Det var kanskje den største skilnaden frå Madla. Men elles likar eg meg godt her. Maten er god og befala er stort sett smilande og glade.
Positive og arbeidsame
Juli-kullet har ry på seg over å vera meir positive og arbeidsame enn andre. Grunnen til det kan vera mange, og ein av dei er det gode veret me har hatt dei siste månadane. Sola får folk til å smila, og dei fleste soldatane på Haakonsvern smilar om dagen.

|
| John Steinar Thommasen |
I og med at det har kome så mange nye menige til Haakonsvern, er det også blitt trongt om plassen. Eirik Grønning frå Nord-Noreg er ein av dei som fekk kjenne det, men han kom heldigvis godt ut. - Eg var eigentleg komen inn som ordonnans, men fekk vite då eg kom her at det ikkje var plass til meg. Då melde eg meg på marinejegerkommandoen, og det angrar eg ikkje på. Om eit par dagar reiser eg til Ramsund. Det blir litt enklare for meg å komme heim då. Grønning la også til at han har fått eit positivt førsteinntrykk av Haakonsvern. - Dei to dagane som no har gått har vore spanande. Velferdstilboda her er gode, og det er mange flotte båtar å kikke på.