Tekst og foto: Katrine Gramshaug
Laurdag 14. juni er femte gongen spelet om Håkon den gode blir sett opp inne på Sjøforsvarets hovudbase. Spelet er ein del av kulturveka i bydelen Laksevåg og prosjektet ein viktig bit av det militær/kulturelle fellesskapet som etterkvart har vakse fram i bydelen.
- Det er svært gjestfritt av Haakonsvern å engasjera seg på denne måten. I fjor var også fyrste gong me hadde ungdomsarrangementet Lax inne på basen og mange av ungdomane tykte det var kjekt å koma inn å sjå basen litt meir frå innsida.
- Orlogsstasjonen støttar oss med alt det som ligg bak spelet, fortel Christian Venge. Han er instruktør for Haakonarspelet, men er til dagleg å finna om bord på Kystvakta i Nord-Noreg.
- Haakonsvern stiller scena til disposisjon og hjelper oss med praktiske ting som garderobar, container til å ha instrumenta i og mat under øvinga, fortel Venge.
Håkonarspelet fekk stor hjelp av basen fyrste gong spelet vart sett opp. - Då laga verkstaden våpna som blir brukt i spelet, og systova hjelpte oss med kostyma, seier Venge.
Rundt 50 skodespelarar og statistar medverkar på scena. Fleire av desse har tilknyting til det lokale skodespelarmiljøet. I spelet følgjer me Håkon frå han vart fødd på Håkonshella i ca 920 til han døydde her i ca 960.
Porten på Haakonsvern vil vera open for publikum frå kl 1800 laurdag 14. september. Billettar blir selt ved scena.