|
|

|

Sjøforsvaret
Oslo mil/Akershus
0016 Oslo
55 50 20 00
Utdanningstips
Få utdanningstips om Forsvaret på SMS,
send TIPS til 1980
Spørsmål om utdanning i Forsvaret via SMS,
send SPM + spørsmål til 1980
Bli oppringt,
send SAMTALE til 1980
|

|
|
|


|
Skjold skifter sjef
KNM Skjold markerte i dag sjefskifte med oppstilling om bord på Sjøforsvaret sin stolthet.
Helge
Njåstad,
2002-12-02
Kapteinløytnant og skipsjef Rune Andersen går no i land etter 3 år som skipsjef på KNM Skjold. Andersen vil no arbeide som prosjektoffiser ved Kysteskadren med ansvar for bygging av Skjold-klassen.
Andersen var svært fornøyd med at det var nestkommanderende om bord Trygve C. Nøkleby (30) som no overtar kommandoen om bord i fartøyet.
Nøkleby har vore nestkomanderande på Skjold sidan januar 2002. Før den tid har han blant anna vore skipsjef i 3 år på Hauk-klasse MTBer.
Det var ein ydmyk sjef som tok kommando på Skjold. - Hovudfokuset vert å klargjere for seriebygginga av Skjoldklassen, forteller den nye skipsjefen. - No skal me til Umoe Mandal for å gjera nokre utbetringar før me skal ha prøveskyting i sommar, fortel Nøkleby. Skjold vil fyrst hausten 2004 igjen segle i teneste. Då skal skipet primært nyttast til opplæringsfartøy for å utdanne personell til seriefartøyene. Nøkleby ser på det som ei stor utfordring å ta fatt på oppgåve som skipsjef på KNM Skjold.
|

|

|
|
 |
|
Ingen relaterte artikler.
|
|