|
|

|

Sjøforsvaret
Oslo mil/Akershus
0016 Oslo
55 50 20 00
Utdanningstips
Få utdanningstips om Forsvaret på SMS,
send TIPS til 1980
Spørsmål om utdanning i Forsvaret via SMS,
send SPM + spørsmål til 1980
Bli oppringt,
send SAMTALE til 1980
|

|
|
|

|
Helge
Njåstad,
2002-12-04

|

|
Ny sjef på Sjøkrigsskulen
Tirsdag markerte Sjøkrigsskulen sjefskifte med full oppstilling framfor skulen.
Framfor både stab og kadettar vart flaggkommandør Atle Karlsvik takka av etter 24 månadar som sjef på Sjøkrigsskulen. Karlsvik takka for to flotte år på skulen og nytta høvet til å skryte over kadettane ved skulen. - Dåke kjem til å bli dei beste offiserane i Forsvaret, var dei gode skussmåla frå den avtroppande sjefen. Karlsvik klarte ikkje å skjula at han gjerne skulle hatt fleire år på Sjøkrigsskulen, men no venter nye oppgåver som sjef Sjøforsvarets skoler for flaggkommandøren.
Generalinspektøren for Sjøforsvaret, Kjell-Birger Olsen takka Karlsvik for vel utført arbeid og ynskte Tor Vestlie velkomen som ny sjef for skulen. Vestlie har sjølv vore elev ved skulen og har etter det tenestegjort blant anna på ubåt og ved NATOhovudkvarteret. Vestlie ser fram til å ta fatt på oppgåva som sjef Sjøkrigsskulen.
|

|

|
|
 |
|
Ingen relaterte artikler.
|
|