Forsiden Arkiv Fakta Kysteskadren Kystvakten Sjøforsvarets skoler Nettstedskart Kontakt
 
Forsvarsnett : Sjøforsvaret :

Innhold


Sjøforsvaret
Oslo mil/Akershus
0016 Oslo
55 50 20 00

Utdanningstips
Få utdanningstips om Forsvaret på SMS,
send TIPS til 1980

Spørsmål om utdanning i Forsvaret via SMS,
send SPM + spørsmål til 1980

Bli oppringt,
send SAMTALE til 1980


 



Helge Njåstad, 2003-01-06


Kystvakta i aksjon etter forlis

Etter at fraktebåten "Kongstind" forliste i Hustadvika utanfor Romsdal natt til sundag, har Kystvakt Sør søkt etter overlevande. No snart to døgn seinare fryktar ein at mannskapet på fire personar er omkomne.

AV VIDAR B. HOPE

Det blei aldri sendt naudmelding frå den 31-år-gamle fraktebåten frå Svolvær. Forliset må difor ha skjedd fort. - Me var ute på Storegga og fekk melding frå Ørlandet radio om at det var sendt ein nødpeilesendar frå "Kongstind" som låg ved Hustadvika, fortel kapteinløytnant og skipssjef på KV Lafjord, John Erik Bendiksen. Mannskapet på kystvaktfartøyet måtte reagere fort.– Me vende augeblikkleg kursen mot ulukkesstaden i beste fart og samtala med hovudredningssentralen undervegs, fortsett han.

Dårleg ver
KV Lafjord fekk seinare assistanse frå KV Petter Jarl. Då dei to fartøya kom fram, fann dei vrakgods som låg flytande. KV Lafjord definerte eit søkeområde og fordelte arbeidsoppgåver til ein tredje kystvakt, KV Garsøy. Også to redningsskøyter og fleire fiskefartøy og sivile fartøy, i tillegg til eit Sea King-helikopter var med å leitte etter "Kongstind". Seinare vart to flåtar, ein lettbåt og noko redningsutstyr og livbøygar funne, men ingen personar. Dårleg ver med tung sjø, mykje skjær og tette snøbyer gjorde at det var vanskeleg å søkje.

Luftrom
Om morgonkvisten sundag fann til slutt KV Petter Jarl fartøyet. Vraket låg med bøygen så vidt over vassflata vertikalt. Grunnen til at fartøyet ikkje sakk med ein gong er truleg fordi det mogeleg har vore eit luftrom inne i fartøyet. - KV Svalbard kom ut på morgonen sundag og var med å leitte. Til saman fire kystvaktfartøy var med under leiteaksjonen som var leda av politiet lokalt, seier skipssjef Bendiksen. Redningsaksjonen vart avslutta sundag kveld og KV Savlbard trakk seg tilbake. Måndag deltok eit sivilt dykkarteam med å leite etter mannskapet på fire. KV Lafjord og KV Petter Jarl låg i område måndag formiddag. Mannskapet er mest truleg omkomne då sjøtemperaturen ligg på 1-4 grader.





 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.