
|
Lærlingar i Sjøforsvaret
HAAKONSVERN: - Forsvarets lærlingar kjem gunstigare ut enn sivile lærlingar over ein treårsperiode, meiner Seniorkonsulent Arvid Høgøy. Lærlingane sjølv har blanda kjensle til det utsagnet.
Tekst og foto: Vidar B. Hope
Dag Jøran Løvold er andreårs maskinistlærling på KNM Narvik. Han ynskjer å ta befalsutdanning etter slutta lærlingtid.
I byrjinga av mars går fristen ut for å bli lærling i Forsvaret. Dette gjeld militære lærlingar med kontrakt (LK), lærlingar med avtale (LA) og sivile lærlingar (LÆ). Når det gjeld lærling befal (LB), er søknadsfristen i midten av april.
Seniorkonsulent Arvid Høgøy ved Opplæringskontoret for Forsvaret/Vest på Haakonsvern orlogsstasjon, meiner at lærlingordninga i Forsvaret er langt gunstigare enn det ein får i det sivile. - Me har fått mykje skryt frå skular rundt om, og me får mykje god respons frå dei som er lærlingar i Forsvaret, seier han. I år tek Forsvaret inn rundt 500 nye lærlingar.
Etter at Forsvarets mediesenter (FMS) byrja marknadsføra ordninga, har Opplæringskontoret på Haakonsvern orlogsstasjon fått mange nye henvendingar. - Responskortet blei tatt i bruk for tre år sidan og har fungert svært så bra, meiner Høgøy. På responskortet kan interesserte føra inn namn, telefonnummer og adresse, i tillegg til ynskja grunnkurs, for vidare å bli kontakta av Opplæringskontoret som vegledar vidare til ynskja lærlingordning.
Forutan om det vitjar Opplæringskontoret rundt 25 skular i året. - Dette er i hovudsak maritime skular.
I følgje den nye vernepliktslova skal ein vera fylt 18 år før ein kan tenestegjera. Ingen lærlingar under 18 år får gå om bord i marinefartøy før dei er vorten myndige, forklarar han.
15 fagområde
I region Vest er det no rundt 150 lærlingar fordelt innanfor 15 fagområde. - På fartøy kan me tilby lærlingtid som matros, motormann, kokk og kontorfag, påpeikar Høgøy. I år skal Sjøforsvaret ta inn 100 nye lærlingar til sjef Kystvakt og sjef Kysteskadren. Sjef for Skulesenteret skal ha 25 nye lærlingar. Dette gjer at sjansen for å få tildelt lærlingplass er stor. - Me brukar mykje ressursar på dette, og har stor gjenbruksprosent. Av fem lærlingar får éin tilbodet om å fortsette, seier Seniorkonsulenten.
Dag Jøran Løvold frå Tomrefjord i Møre og Romsdal og Espen Lunde (bilete til venstre) frå Fredrikstad er begge lærlingar på fregatten KNM Narvik. Førstnemnde er maskinmann, noko han har blanda kjensle om. - Det som ofte frustrerar meg er at mange slepp det der med førstegangstenesta. På ei anna side er eg jo heldig; eg får gjennomføre lærlingtida samt førstegangstenesta på ein gong, fortel han mens han jobbar i maskinrommet på fregatten. Løvold er andreårs lærling og sende søknaden om å bli lærling i Forsvaret til teknisk fagskule gjennom militæret. Etter læretida ynskjer han å melda seg på befalskurset i Horten som tek seks månader. -Eg trur dette skal gå bra, seier han mens han dagdraumar om å jobba på ein av dei nye fregattane som kjem frå 2005.
Blanda kjensle
Espen Lunde på si side, har vore lærling i eit halvt år innan takkelfaget. - Å vera takkellærling går ut på vedlikehald av fartøyet. Eg målar og reparerar, forklarar han.
Lunde ynskjer å søkje matroskontrakt. På spørsmålet om det lønar seg økonomisk å vera lærling i Forsvaret, er dei to samde. - Det er vel eigentleg dårleg betalt i høve til ein sivil kontrakt. Men i lange løp sparar me inn det fortapte, meiner dei. - Men det skal også nemnast at me får mange gode gratiskurs, legg dei til. Lunde blei føreslått å ta lærlingtida i Forsvaret då han var på sesjon i fjor. - Eg bestemde meg for å søkje med ein gong, seier han.
Skipselektrikarlærlingen Vidar Møller Haug frå Tittelsnes i Sveio jobbar også på KNM Narvik. Han er heller litt skeptisk til den lærlingordninga Forsvaret tilbyr. - Eg kjem frå det første kullet som skipselektrikar, men må innrømme at eg blei skuffa i byrjinga; Eg trudde faktisk at eg skulle få meir ut av det, fortel han og legg til: - Det at eg er lærling på fregatt gjer ikkje saka noko betre, då me må arbeida mykje med gamalt utstyr.
I tillegg likar han dårleg at fagrelatert arbeid ofte vert nedprioritert. - Det er mykje meinig arbeid som blir tildelt oss skipslærlingar. Eg har diskutert dette litt med befala om bord og dei er einige med meg, forklarar han. Men han svartmålar ikkje heile lærlingtida av den grunn. - Eg skal innrømma at det har gått seg betre til det andre året, avsluttar han.
Vidar Møller Haug er skeptisk til lærlingordninga. Skipselektrikarlærlingen meiner han får for lite att frå lærlingtida og har sett seg lei av å gjera meinig arbeid under lærlingperioden.
|

|