
|
Redningsøving sør for Bergen
HAAKONSVERN: Natt til torsdag 6. februar blei ubåten KNM Uthaug meld sakna som ein del av ei ubåtredningsøving. Kor er ubåten? Kva har skjedd? Er mannskap i godt behald? FOHK ved Jåtta hadde mange spørsmål, og søkte råd frå ekspertar.
KNM Uthaug spela den sakna ubåten under ubåtredningsøvinga Forsvaret gjennomførte torsdag. (Arkivfoto)
Av Vidar B. Hope
Få personar vart varsla før meldinga om at KNM Uthaug ikkje hadde gitt lyd frå seg innan 36 timar. Fellesoperativ hovudkvarter (FOHK) ved Jåtta i Stavanger iverksette umiddelbart å søke etter ubåten, noko Hovudredningssentralen på Sola normalt sett gjer ved havari. - Ubåtar er meir kompliserte enn vanlige overflatefarty, difor leiar FOHK slike operasjonar, forklarar kommandør Harald Håkonsen. Han er flotiljesjef i undervassbåtflotiljen på Haakonsvern, i tillegg til å vera blant teamet i UVB Redningsrådet.
Ekspertise
- Redningsrådet er eit støtteteam for FOHK om eit ubåthavari skulle oppstå. Me har kunnskap, kompetanse og ekspertise innan ubåtar, og jobbar tett under hovudkvarteret, fortsett Håkonsen. I Redningsrådet finn ein medisinsk ekspertise, fagansvarlege frå FLO/SJØ (som har all fakta og informasjon om ubåtane), ekspertise frå Dykkar- og froskemannsskulen på Haakonsvern, representantar frå UVB-flotiljen og ein presseansvarleg.
Håkonsen sjølv tar ansvar for å etablere Redningsrådet når ulykka oppstår. - Denne gongen var nesten alle samla på same stad innan ein halvtime, fortel han.
Ordre frå FOHK
Det var natt til torsdag at ubåten blei meldt sakna. Flotiljesjefen fekk straks ordre om å senda ein redningsoffiser frå skvadronen til Stavanger for å vegleda hovudkvarteret, denne gongen blei kapteinløytnant Trond Juvik utsendt. Vidare sendte han kapteinløytnant Olaf A. Dahle, som ressursperson, om bord til 26. MTB-skvadron, som leia operasjonen i sjøen.
Det einaste Redningsrådet visste i byrjinga, var at ubåten var i området sør for Bergen. Mens dei prøvde å kartleggje situasjonen, finne ut om det var andre farty i området i det aktuelle tidspunktet, tikka det inn meldingar frå FOHK; spørsmål, oppgåver og ordrar.
Kontakta pårørande
- Ein ubåtbesetning har nok proviant og oksygen til å halde ut i ei veke under vassoverflata ved eit eventuelt havari, seier kommandør Håkonsen. Det som er viktig på land er å kontakta pårørande snarast mogeleg. Etter to timar av øvinga hadde Sjøforsvarets pårørandesenter på Haakonsvern kontakta pårørande etter 18 av dei 25 personane om bord i fartyet. Det vart sjølvsagt gitt klart uttrykk for at dette var ei øving som skulle gjennomførast, og ikkje ei verkeleg hending.
Ein viktig del av øvinga var å trene drifta av pårørandesenteret, og prosedyrane for informasjon til ubåtbesetninga sine pårørande. Korleis skal ein gå fram når ein tar kontakt? Kva skal ein seia? - Me skreiv ned ein notis om korleis ein skulle gå fram i ein slik situasjon, fortel informasjonssjef Gunnar Vetlejord på Haakonsvern. Han utgjer pressedelen av Redningsrådet.
Frå høgre: Gunnar Vetlejord, informasjonssjef, kommandør Harald Håkonsen, flotiljesjef, og kommandørkaptein Yngve Skoglund, skvadronssjef. (Foto: Vidar B. Hope)
Rettar opp feil
- Pårørandesenteret blir oppretta ved Briggen befalsforlegning på Haakonsvern ved større ulukker. Der vert pårørande invitert til å få hjelp frå eit støtteteam leda av Sanitetsinspektøren, fortsett Vetlejord. Redningsrådet hadde eit par punkt dei vil forbetra etter ubåtredningsøvinga. - Me fører erfaringsloggar, for vidare finne ut om det er forbetringspotensial, legg flotiljesjef Håkonsen til.
Farty frå 26. MTB-skvadron og nokre Stridsbåt 90, i tillegg til fly, deltok under øvinga. Undervegs konkluderte Redningsrådet at KNM Uthaug mogelegvis hadde kollidert med ein "portugisisk tankar".
|

|