
|
Haakonsvern er best i landet
Haakonsvern orlogsstasjon er best i landet på miljøsortering. Miljøvernoffiser Svein Syversen kan godte seg over gode tal dei siste to åra. I framtida vil miljøutgiftene bli endå lågare.
Av Vidar B. Hope, Sjøforsvaret
- Haakonsvern er flinkast i klassen når det gjeld miljø, skrøyt major Arild Bryn frå FLO/Konsernstab då han vitja marinebasa i slutten av januar. Han representerar Forsvaret si miljøgruppe og var samla på Haakonsvern med andre representantar frå diverse avdelingar i Forsvaret for å få tips om korleis ein skal handtera miljøsakar. - Me bruker Haakonsvern som ein pilotavdeling - eit førebilete som skal vera drivkrafta i prosjektet, seier han. Miljøvernoffiser på Haakonsvern, orlogskaptein Svein Syversen, er ein av grunnane til dei gode resultata. - Måten Haakonsvern har takla avfallshandteringa er å stå i respekt av. Ikkje har dei berre redusert miljøpåverknaden, men dei har også spara inn mykje pengar dei siste åra, sjølv om miljøet alltid er viktigare enn pengar, seier Bryn.
Orlogskaptein Svein Syvertsen og driftleiar Steinar Dahle framfor Miljøbilen.
Miljøbilen
Miljøstasjonen på Haakonsvern går under slagordet "Tenk miljø - spar pengar", noko dei har greidd fint dei siste åra. Driftsleiar Steinar Dahle har lagt ned mykje arbeid for å gjera marinebasa så grøn og frisk som mogeleg. - Me er seks mann her på stasjonen som utførar avfallshandtering, forklarar han. Dei siste åra har miljøstasjonen investert i mykje nødvendig utstyr for å halda søppel vekke frå basa. - I tillegg til det har me investert i ein liten marknadsføring; ein stor plakat på ein av bilane våre der det står "Miljøbilen" og telefonnummeret til miljøstasjonen. Eg meiner dette skapar eit godt forhold til folk på basa, seier Dahle. Sidan kjeldesorteringa starta opp i 1999 har mengda med usortert avfall blitt redusert frå 1560-1000 tonn. Papp- og papiravfall er ein av dei aller største avfallspostane på Haakonsvern og blir nøye resirkulert for seinare å bli panta. På denne måten tener dei også litt pengar på miljøsorteringa.
Miljøgruppa
- Me er heldige her på Haakonsvern, for sjølv om basa er stor med mange menneske, er me likevel innanfor eit relativt lite geografisk område, seier Syversen. Miljøvernoffiseren har etablert ein miljøleiar på kvar avdeling internt på basa som skal føra inn alle miljøopplysningar i ein ny database som vil vera operativ innan året er omme. Dette går på til dømes drivstofforbruk, våpenavfall, spesialavfall og meir til. - Sjefane skjønar ikkje viktigskapen av å redusera miljøpåverknaden i Forsvaret, meiner Arild Bryn. Miljøprosjektet som gjeld heile Forsvaret skal styrast frå ei miljøgruppe som rommar 20 personar frå alle kantar i landet. - Å få alle avdelingane i Forsvaret på høgde med det Haakonsvern orlogsstasjon har prestert krev ein del arbeid. Miljøgruppa skal finna fram miljøpåverknadane på kvar einskild avdeling og finna ut kva ein kan gjera mot det ytre miljøet, avsluttar major Bryn i FLO/Konsernstab.
|

|