Forsiden Arkiv Fakta Kysteskadren Kystvakten Sjøforsvarets skoler Nettstedskart Kontakt
 
Forsvarsnett : Sjøforsvaret :

Innhold


Sjøforsvaret
Oslo mil/Akershus
0016 Oslo
55 50 20 00

Utdanningstips
Få utdanningstips om Forsvaret på SMS,
send TIPS til 1980

Spørsmål om utdanning i Forsvaret via SMS,
send SPM + spørsmål til 1980

Bli oppringt,
send SAMTALE til 1980


 



Vidar Hope, 2003-03-20


Norsk-russisk samarbeid

HAAKONSVERN: "Korleis kan Forsvaret og aktørane i olje- og gassverksemda til sjøs samarbeide om felles problemstillingar?" Dette var tema under eit norsk-russisk seminar ved Haakonsvern onsdag.


Flaggkommandør Jørgen Berggrav (til venstre) diskuterte framtida i Barentshavet med blant anna kommandør Andrej Smulenskij frå det russiske forsvaret under eit felles seminar ved Haakonsvern onsdag.

Tekst og foto: Vidar B. Hope

Initiativet til å arrangere eit slikt felles seminar blei tatt frå norsk side då den russiske forsvarsministeren, Sergej Ivanov, vitja Noreg i juli i fjor.

Militære samarbeid vert prioritert også under konflikten mellom USA og Irak.

- Me har etter kvart fått god erfaring med at petroleumsverksemd og forsvarsaktivitetar kan fungera godt side om side i same geografiske område til sjøs. I mine samtalar med Ivanov blei det tydeleg at me både på russisk og norsk side kan ha nytte av å utvikle samarbeidet på dette området, ikkje minst med tanke på dei utfordringane begge land står overfor i nordområda, meiner forsvarsminister Kristin Krohn Devold. Ministeren sjølv deltok ikkje på seminaret.

- Me har hatt samtalar ei tid om avgrensing i Barentshavet. Dette seminaret blei køyrd for å samanlikna og dele erfaringar på norsk-russisk grense, fortel flaggkommandør Jørgen Berggrav i Forsvarsdepartementet.


Seminardeltakarar samla ved Briggen befalsforlegning ved Haakonsvern. Foto: Magne Åhjem

Dei to partane samtala om tryggleiksrutinar på havet, miljø og transport av olje- og gassprodukt. - Me er svært opptekne av Barentshavet. Det er eit "felles hus" for Noreg og Russland, og her må det greiast ut gode rutinar for framtida, understrekar Berggrav.

Eit viktig moment under seminaret var diskusjonen om avgrensinga. - Det er svært viktig at me held samtalar om delelina. Her skal det ikkje vera noko uklart, med ulike tolkingar, seier flaggkommandøren.

Eit eksempel på korleis samarbeidet mellom Forsvarets avdelingar og energisektoren fungerar er at Kystvakta har kontakt med ulike oljeinstallasjonar i dei fleste tilfelle kor fiskefartøy bryt tryggleikssona rundt installasjonane. No skal altså det russiske forsvaret også delta i eit betra samarbeid.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.