|
|

|

Sjøforsvaret
Oslo mil/Akershus
0016 Oslo
55 50 20 00
Utdanningstips
Få utdanningstips om Forsvaret på SMS,
send TIPS til 1980
Spørsmål om utdanning i Forsvaret via SMS,
send SPM + spørsmål til 1980
Bli oppringt,
send SAMTALE til 1980
|

|
|
|

|
Endre
Hopland,
2003-10-10

|

|
Minerydder i Nato
HAAKONSVERN: KNM Måløy segla i byrjinga av oktober inn i Nato sin ståande mineryddarstyrke måndag, ei øvingsstyrke. Likevel er besetninga budd på at styrken kan bli aktivisert og sendt inn i konfliktar på 48 timars varsel.
- Det er viktig at ein viser solidaritet innad i Nato-styrken, meiner skipssjef Cato Hagestande.
Tekst og foto: Vidar B. Hope
Besetningsmedlemmene på KNM Måløy har no skrive under fredstenestekontrakt. Styrken som inngår i MCMFORNORTH er ein IRF-styrke (Immediat Reaction Force). Dette ligg i bakhovudet også på skipssjefen.
- Me har jo snakka ein del om dette. Dei fleste matrosar og befal har delteke i desse styrkane tidlegare og erfaringar blir utveksla. I tillegg har me hatt samtalar med blant anna orlogspresten, seier kapteinløytnant Cato Hagestander.
Vitig at Norge deltek
Det at Norge deltek fysisk i ein slik styrke år på år blir godt motteke frå politikarar og andre nasjonar. - Det er viktig at ein viser solidaritet innad i Nato-styrken. Dei fleste ynskjer jo å bidra med det dei har til disposisjon, meiner skipssjefen.
- For vår del er det også viktig at me opprettheld eit høgt treningsnivå ved å delta i denne styrken. Me må jo tenke på at det er me som vert styrkesjef i 2005. Eit av krava til å få segle kommandofartøy er at ein har delteke kontinuerleg over tid, forklarar han.
|

|

|
|
 |
|
Ingen relaterte artikler.
|
|