Forsiden Arkiv Fakta Kysteskadren Kystvakten Sjøforsvarets skoler Nettstedskart Kontakt
 
Forsvarsnett : Sjøforsvaret :

Innhold


Sjøforsvaret
Oslo mil/Akershus
0016 Oslo
55 50 20 00

Utdanningstips
Få utdanningstips om Forsvaret på SMS,
send TIPS til 1980

Spørsmål om utdanning i Forsvaret via SMS,
send SPM + spørsmål til 1980

Bli oppringt,
send SAMTALE til 1980


 



Endre Hopland, 2003-10-13


Hektisk før Nato-tjeneste

BJØRNAFJORDEN: Etter fem veker med hard oppkjøring, står minejaktfartøyet KNM Måløy no klar til å tre inn i Nato sin ståande mineryddarstyrke, MCMFORNORTH. Torsdag var siste finpuss før utanlandstoktet.


TRAVLE DAGAR: Besetninga på KNM Måløy vekk det travel torsdag då dei måtte fullføre generalmønstringa som har vore utsett i ei veke. Skyteøvinga gjekk smertefritt og mineryddaren vekk godkjent resultat.

Tekst og foto: Vidar B. Hope, Sjøforsvaret

Det var berre artilleridelen som mangla før KNM Måløy kunne skryte på seg å ha bestått årets generalmønstring. Torsdag føremiddag låg fartøyet ved Marinen sitt skytefelt ved Stolmen, vest i Bjørnafjorden. Med to instruktørar om bord frå KNM Tordenskjold, ville artilleristane yte det absolutt beste med 22 millimeter og 12,7 mm kanonar.

Eigentleg skulle mønstringa vore gjennomført i førre veke, men då var ikkje vêrforholda gode nok til skyteøving. Etter innsatsen torsdag, står mineryddaren no seglklar.

Hektisk oppøving
Skipssjef Cato Hagestande fortel at det har vore hektisk i det siste, med eit femvekesprogram med oppøvingar.
- Eg meiner me er godt nok budd for dette. Me har mange nye besetningsmedlem, likevel er nøkkelpersonane dei mest erfarne, forklarar han og legg til at dei også har gjort nokre tekniske utbetringar.


KRAFTIGE DØNINGAR: Sjøsprøyten sto til vers under skyteøvingane torsdag. Her får KNM Hinnøy prøvd seg.

- Eg vil seia at me har kome over målstreken på første forsøk. Me har jobba knallhardt med alle detaljar.

Første gongen Hagestande deltok i MCMFORNORTH-styrken var i 1992. Etter det har han segla med Nato-flagg fire gongar. Toktet med KNM Måløy blir dermed hans sjette Nato-tokt.

- Første gongen segla eg faktisk med gamle KNM Alta. Det skal bli spanande å segla med styrken for første gong som skipssjef, trur han.

"Hoppar etter Wirkola"
Norge har fått eit svært godt rykte i den ståande mineryddarstyrken. I tillegg til å ha best og raskaste fartøy, held dei norske besetningane eit høgare nivå enn andre. Dette har blant anna KNM Hinnøy og KNM Oksøy vist tidlegare i år.

Tysdag kom sistnemnde tilbake til Haakonsvern. Hagestande meiner det blir vanskeleg å fylle dei andre fartøya sine rollar.

- Det blir litt som å hoppe etter Wirkola. Forgjengarane våre har gjort eit svært fint inntrykk i styrken. Dei har vist gode resultat. No er målsettinga vår å "bli den skarpaste kniven i MCM-skuffa". Det skal me klare.

Verte å anbefala
Kvartermeister Daniel Kjaernes og fenrik Even Eide har nettopp kome heim frå Skottland med KNM Oksøy. Då søsterfartøyet KNM Måløy skulle ha mønstring torsdag, steppa dei to befala inn som vikarar. Begge trur at den neste Nato-besetningen vil få eit fint tokt.

- Me har absolutt hatt eit flott tokt, sjølv om me var litt lei mot slutten. Du skjønar, når ein seglar med dei raskaste fartøya, så blir det ofte litt meir arbeid. Det er lett å "sende det norske fartøyet ut", forklarar Eide, som tidlegare har hatt utanlandstokt med fregatten KNM Narvik.

Kjaernes er samd. Han er i tillegg nøgd med arbeidsforholda langs kysten av Skottland.
- Me opplevde lite vind og det var svært ideelle forhold for minejakt på havbotnen, seier han.


MUNTER GJENG: Fenrik Even Eide (til venstre) og kvartermester Daniel Kjaernes har nyleg kome heim frå Nato-teneste. Her fortel dei nokre røvarhistoriar til matros Kjell Bruheim (midten) som no skal ut i teneste.

Likevel fekk både han og dei andre besetningsmedlemmene ein støkk under transitten heim igjen.
- På grunn av luftputene veit ein aldri kvar bølgjene kjem frå. Det blir liksom som ein dårleg blanding av NSB og ein fæl flytur, legg han til med ein spøkjefull tone.

Årlege signaturmålingar
Men KNM Måløy skal ikkje til gode arbeidsforhold i Skottland.
- Det første som skjer no er faktisk at me seglar innom Åmøy utafor Stavanger for å ta nokre magnetiske målingar av fartøyet, forklarar skipssjefen.

Målingar av fartøyet sitt signatur vert gjort minst ein gong i året på alle minekrigsfartøy. Dette for å vera meir budd dersom dei skulle kome over ei magnetisk mine.


LYKKE TIL: Sjefen for kysteskadren, flaggkommandør Trond Grytting (til venstre), og sjefen for minekrigsflotiljen, kommandør Geir Flage (til høgre), sender KNM Måløy og skipssjef Cato Hagestande til Skottland og MCMFORNORTH. Dei tek opp tråden etter nyleg heimattvendte KNM Oksøy.(Foto: Endre Hopland)

Seglar i Baltikum
Etter det er sjøvegen strak mot Frederikshavn i Danmark der fem andre Nato-fartøy frå Tyskland, England, Belgia, Nederland og Danmark. Sistnemnde har kommandoen i styrken.
- Me skal segle i Riga i to veker på ei øving saman med den baltiske skvadronen (Latvia, Litauen og Estland). Då skal me i tillegg jakte etter miner etter oppfordring frå dei baltiske nasjonane.

- Vidare blir det ei syntetisk minekrigsøving ved i Nederland og Belgia, før det vert øvingar med den nederlandske- og engelske marinen mot jul. Og så reknar me med å vera heima til juleferie 10. desember, seier Hagestande.
Etter jul blir styrken å finna i danske og tyske farvatn. Og seinare deltek fartøya på øving Joint Winter heime i Norge.

KNM Måløy går altså inn i styrken måndag 13. oktober. Fartøyet seglar med natoemblem heilt fram til påske. Då overtek KNM Hinnøy.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.