Forsiden Arkiv Fakta Kysteskadren Kystvakten Sjøforsvarets skoler Nettstedskart Kontakt
 
Forsvarsnett : Sjøforsvaret :

Innhold


Sjøforsvaret
Oslo mil/Akershus
0016 Oslo
55 50 20 00

Utdanningstips
Få utdanningstips om Forsvaret på SMS,
send TIPS til 1980

Spørsmål om utdanning i Forsvaret via SMS,
send SPM + spørsmål til 1980

Bli oppringt,
send SAMTALE til 1980


 



Endre Hopland, 2003-10-24


Marinen undersøker forureiningsfare

I vinter lokaliserte KNM Tyr den tyske ubåten U-864 utanfor Fedje. Ubåten kan ha så mykje som 1850 flasker kvikksølv om bord. No avgjer Kystverket i samarbeid med Marinen kva som må gjerast med vraket.


KNM Tyr fann vraket av den tyske ubåten i vinter.

- Marinen har tatt arbeidet med å finna vraket og undersøka kva det eventuelt kan innehalda for å vera føre var, fortel kommandørkaptein Hans Christian Kjelstrup.

Han har følgt saka frå Marinen si side heilt tilbake frå 1997. Den gongen tenestegjorde han ved Undervannsbåtinspeksjonen, der dei vart gjort merksame på at det var ein viss interesse for dette vraket i Tyskland.

Eit par år seinare, kom den same tyske statsborgaren fram med opplysningar om at det kunne vera både uranoksyd, thallium og kvikksølv om bord.

Sidan 1999 har KNM Tyr søkt etter vraket når dei har hatt tid og moglegheit for det. I februar i år fann Tyr båten, som låg i to delar på botnen.

Sidan har det vorte gjort undersøkingar i tyske arkiv om kva vraket kan innehalda. Ubåten ligg på 150 meters djupne to nautiske mil vest for Fedje.

Det knyter seg mange historier om kva den tyske ubåten U-864 hadde av last.

– Vi har nå fått opplysningar frå tyske meldingsarkiv, som tydar på at ubåten skal ha hatt kvikksølv om bord, fortel Kjelstrup.

Rundt 1850 stålflaskar med til saman 60-70 tonn kvikksølv skal vera stua i kjølen på båten.

Ubåten blei senka av den britiske undervassbåten HMS Venturer den 9. februar 1945. På veg frå heimehamn i Kiel, Tyskland til Japan hadde ubåten gjort eit opphald for reparasjonar i ubåtbunkaren "Bruno" på Laksevåg.

Det er Kystverket som har ansvar for vrak langs kysten og det er dei som vil avgjera kva som vil skje med vraket.

– Vi har overlate saka, med all informasjon vi har samla, til Kystverket, og vil i samarbeid med dei gje råd om kva som eventuelt må gjerast med vraket vidare, seier Kjelstrup.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.