Forsiden Arkiv Fakta Kysteskadren Kystvakten Sjøforsvarets skoler Nettstedskart Kontakt
 
Forsvarsnett : Sjøforsvaret :

Innhold


Sjøforsvaret
Oslo mil/Akershus
0016 Oslo
55 50 20 00

Utdanningstips
Få utdanningstips om Forsvaret på SMS,
send TIPS til 1980

Spørsmål om utdanning i Forsvaret via SMS,
send SPM + spørsmål til 1980

Bli oppringt,
send SAMTALE til 1980


 



Endre Hopland, 2003-11-05


Revolusjon i matvegen

HAAKONSVERN: Onsdag råka den grøne bølja matmessa "Sjaluppen" på Haakonsvern orlogsstasjon med stor kraft. Ingen vart skada, men alle fekk betre mat.


MAT FOR MONS: Befalselevane Frank Sandberg, Mari Fossen og Torunn Hammersland er glade for å sleppe tørt brød til lunsj.

Av Endre Hopland og Vidar B. Hope (foto)

Operasjon Grøn bølje er Forsvarets nye trivselsskapande kampanje, og hovudfokus er mat.

Tidlegare har det i mange høve vore med tungt sinn gastane på Haakonsvern har tråkka mot Sjaluppen. Rett nok har pålegget vore over gjennomsnittet, men all verdas gode saker kan fort verte middels kost i kombinasjon med gammalt og tørt brød.

Men no er planen at det tørre brødet skal vekk. Framtidas mat på Haakonsvern skal nemleg vere fersk, god og ikkje minst sunn.


MENYEN: Kjøkensjef Johs Stormark syner stolt fram menyfaldaren. No skal det fokuserast på sunn mat i Sjaluppen.

Mat skapar trivsel
Det er ei kjend sak at ein glad gast orkar meir, trivst betre og tar betre avgjerder enn ein som ikkje har det så bra. Og den som tek betre avgjerder, kan glede seg over andre.

- Intensjonen vår er at folk skal hugse maten i Forsvaret som noko positivt, seier Mari Jørgensen. Saman med ein gjeng kokkekollegar reiser ho for tida rundt på ulike militærbasar i Noreg for å promotere Operasjon Grøn bølje.

- Det er utvikla ein firevekers rullerande meny beståande av ulike rettar, hovudsakeleg med utgangspunkt i norsk natur, men og med kulinariske innslag. Dette kjem til å bli ein knallsuksess, legg kjøkkensjef Johs Stormark til.


LÆREMEISTEREN: Mari Jørgensen reiser rundt og promoterar Operasjon grøn bølje.

Natt og dag
Og sjefen har god grunn til å vere optimistisk. Sjaluppen var nemleg ikkje til å kjenne att under opninga onsdag.

Det var slett ikkje lukta av steikte poteter med pizzakrydder som slo imot gastane då dei kom opp troppa presis klokka elleve. Og ansiktsuttrykka snakka for seg sjølv.


MATPRAT: Andreas Byre (t.v.) og Magnus Eldøy vart overraska då dei blei tekne av den grøne bølja tysdag.

- Dette var heilt suverent, seier Andreas Byre. Tallerkenen hans inneheld både druer og lasagne, og den ferske gasten kunne, for første gong sidan han kom til Haakonsvern, innrømme at han hadde problem med å velje mellom godsakene.

Idrettsbefalselevane Frank Sandberg, Mari Fossen og Torunn Hammersland er samde.

- Det er godt at dei endelig fekk vekk det ekle, tørre brødet, påpeikar sistnemnde.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.