Det er frå eit fartøy av denne typen den norske offiseren er sakna. Bildet viser KNM Måløy på øvelse FLOTEX02 Arkivfoto: Sjøforsvaret
Av: Katrine Gramshaug, Sjøforsvaret
Den 30 år gamle mannen forlot båten ved hamna i Zeebrügge i Belgia sundag kveld, og har vore sakna sidan. Då mannen ikkje møtte til vakt måndag morgon sette mannskapet fyrst i gang si eiga etterforsking. Dei viste fram bilete av den sakna offiseren og spurde folk i hamneområdet om dei hadde sett han.
Belgisk politi vart varsla måndag ettermiddag og har no sett i gong etterforsking.
- Det belgiske politiet har vore om bord i båten fleire gonger og ser på saka med stort alvor, seier informasjonsdirektør ved Fellesoperativt hovudkvarter, Erling Bø.
Mannen er busett i Bergensområdet, men kjem oppminneleg frå Aust Agder.
KNM Måløy er med i Natos minerydderstyrke MCM Force North og driv øving i området. Det norske mineryddingsfartøyet har vore med i styrken i fem veker. Fartøyet hadde helg i hamnebyen Zeebrugge då offiseren forsvann.
Frå Sjøforsvaret si side er det etablert støtteapparat omkring familien til den sakna offiseren.
Mediemessig håndteres saka frå Forsvarets operativ hovudkvarterpå Jåtta ved Stavanger.
Kontaktperson er informasjonsdirektør Erling Bø.
Telefon 51 34 30 90 / 901 79 416