
|
Marineoffiseren framleis sakna
Det er framleis ikkje spor i saka om marineoffiseren som har vore sakna sidan sundag frå mineryddingsfartøyet KNM Måløy som ligg til kai i Zeebrugge i Belgia. Onsdag brukte mannskapet dagen til å bistå politiet med søk i hamnebassenget.
Forsvinninga pregar heile mannskapet på KNM Måløy. Skipssjefen er nøgd med samarbeidet dei har hatt med belgiske myndigheter. – Det er betryggande at dei stiller opp i ein slik situasjon som dette.
Av: Katrine Gramshaug, Sjøforsvaret
KNM Måløy er med i Natos minerydderstyrke MCM Force North og skulle denne veka hatt øvingar til kai. At ein av offiserane har vore sakna i over fire døgn pregar besetninga.
Merkar mannskapet
- Sjølvsagt går dette sterkt inn på alle om bord, men eg har merka alle tykte det var positivt då me i går kunne vera med å gjera noko og leita sjølv, fortel skipssjef, kapteinløytnant Cato Hagestande på telefon frå den belgiske marinehamna i Zeebrugge.
Den sakna offiseren er 30 år og kjem frå Aust-Agder. Mannen forlot båten ved hamna i Zeebrugge i Belgia sundag kveld, og har vore sakna sidan. Då mannen ikkje møtte til vakt måndag morgon sette mannskapet fyrst i gang med leiting sjølv. Dei viste fram bilete av den sakna offiseren og spurde folk i hamneområdet om dei hadde sett han. Belgisk politi vart varsla måndag føremiddag og sette då i gong etterforsking.
Overveldande støtte
Skipssjefen fortel at dei heile tida har fått overveldande støtte både frå belgiske myndighetar og dei andre fartøya i Nato-styrken. – Besetningsmedlemmer frå andre fartøy kjem dagleg og spør korleis det går og om det er noko dei kan gjera, seier han.
Sokninga i går, der det stillte dykkelag frå alle fartøya i styrken, i tillegg til fire belgiske marinefartøy, viser at samhaldet i styrken er svært sterk. – På berre ein dag gjorde me unna arbeid som politiet nok måtte brukt 14 dagar på, fortel Hagestande. No er det ikkje så mykje meir besetninga kan gjera, anna enn å venta.
Følger opp familien
Tysdag kveld kom sjøforsvarspresten til Zeebrugge saman med den næraste familien til den sakna offiseren. - Dei har vore om bord og vi freistar å ta hand om dei som best me kan, fortel Hagestande. - Sjølv om dette er vanskelig for besetninga, er det likevel familien som har det verst, understrekar skipssjefen.
Sjøforsvarspresten har også fylgt opp besetninga på KNM Måløy. – Både eg, nestkommanderande og presten har hatt samtalar med samtlege om bord. Det er viktig å få klarna hovudet når slikt hender, seier han.
Også Forsvarsattacheen frå ambassaden har vitja besetninga og familien til den sakna offiseren. – Det er mange som har utrykt støtte og det viser både oss og familien at dette er ei sak mange bryr seg om, fortel Hagestande.
Politisak
Forsvinninga blir no rekna som ei rein politisak. Belgisk politi har sendt ut etterlysning etter den forsvunne offiseren og ei spesialeining som tek seg av forsvinningssaker er kopla inn i saka. KNM Måløy blir inntil vidare liggjande i Zeebrugge til over helga.
|

|