Forsiden Arkiv Fakta Kysteskadren Kystvakten Sjøforsvarets skoler Nettstedskart Kontakt
 
Forsvarsnett : Sjøforsvaret :

Innhold


Sjøforsvaret
Oslo mil/Akershus
0016 Oslo
55 50 20 00

Utdanningstips
Få utdanningstips om Forsvaret på SMS,
send TIPS til 1980

Spørsmål om utdanning i Forsvaret via SMS,
send SPM + spørsmål til 1980

Bli oppringt,
send SAMTALE til 1980


 



Endre Hopland, 2003-11-24


Oppdraget held fram

ZEEBRÜGGE/HAAKONSVERN: Den sakna Odd Audun Alvestad er framleis ikkje komen til rette. No returnerar KNM Måløy til oppdraget i MCMFORNORTH.


HELD FRAM MED OPPDRAGET: Kapteinløytnant Cato Hagestande og resten av besetninga på KNM Måløy held fram med oppdraget i MCMFORNORTH. Løytnant Odd Audun Alvestad er framleis ikkje komen til rette. (Foto: Vidar B. Hope)

Av Endre Hopland

- Førebels er det er ikkje noko nytt frå politiet. Vi går utifrå at dei sjekkar, dobbelsjekkar og trippelsjekkar tips og spor i saka no, seier skipssjef Cato Hagestande.

Løytnant Alvestad vart sist sett då han forlet ein resturant i den belgiske byen Zeebrügge.

Sundag var det skipsgudsteneste om bord i minejaktfartøyet, og tema var savn og håp. Styrkesjefen i MCMFORNORTH var tilstades, saman med den sakna si kone, søster hennar og besetninga på KNM Måløy.

Det var ei emosjonell gusteneste med lystenning. - Det var godt for både besetning og pårørande å få fokusert kjenslene sine i ei slik gudsteneste, meiner Hagestande.

Saka er no i hendene på belgisk politi. - Det er ikkje meir vi kan gjere no. Vi kan berre håpe på gode nyheiter, legg skipssjefen til.

Mandag klokka ti segla KNM Måløy til sjøs att.





 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.