Forsiden Arkiv Fakta Kysteskadren Kystvakten Sjøforsvarets skoler Nettstedskart Kontakt
 
Forsvarsnett : Sjøforsvaret :

Innhold


Sjøforsvaret
Oslo mil/Akershus
0016 Oslo
55 50 20 00

Utdanningstips
Få utdanningstips om Forsvaret på SMS,
send TIPS til 1980

Spørsmål om utdanning i Forsvaret via SMS,
send SPM + spørsmål til 1980

Bli oppringt,
send SAMTALE til 1980


 



Vidar B. Hope, 2004-02-06


Samarbeid skal auke tryggleiken

TRONDENES/HAAKONSVERN: - Kystjegerkommandoen sin nye avtale med Hålogalandssykehuset vil bringe utdanninga innan sanitet til eit høgare nivå.


SAMARBEIDER: Kursleiar Trygve Schjeldrup frå Hålogalandssykehuset sine prehospitale tenester skal samarbeide med kystjegersjef Morten Einbu.

Av Vidar Hope, Sjøforsvaret

Dette hevdar kommandørkaptein Morten Einbu som er sjef for Kystjegerkommandoen (KJK). Han har nettopp kome til einingskap med sjukehusdirektør Ivar F. Hagenlund om eit samarbeid som vil vera til stor fordel for begge partar.

- Sanitetsopplæringa til den enkelte jeger i KJK held eit svært høgt nivå og dette er av avgjerande tyding for patruljane som skal operere på eigehand over kortare og lengre tid, meiner Einbu.
I dag har kystjegerane ein eigen sanitetsavdeling som står for opplæring. Den er ein kombinasjon av teori, praktisk trening og øvingar.

På kurs i to veker
I regi av Hålogalandssykehuset sin driftsorganisasjon for ambulanse og akuttmottak, vert det i år gjort eit løft innan fagleg oppdatering for 130 ambulansepersonell i 22 kommunar. Gjennomføringa skal basere seg på to vekers kursing med instruktørar frå Hålogalandssykehuset sin seksjon for prehospitale tenester.
- Kvart kurs vil ha rundt 25 elevar. I forkant er det gjennomført eit forkurs for instruktørar som har fått ei oppgradering i høve til avansert hjarte-lungeredning, medisinsk operativ manual og defibrillator (hjartestartar, red. anm.), fortel kystjegersjefen.

- For å nå målsettingane har me sett oss saman i Harstad og etablert eit samarbeid som vil koma til fordel for begge partar. Sjukehuset vil få tilgang til undervisningslokale, forlegning og forpleiing ved Kystjegerkommandoen, forklarar Einbu.
- Me er svært godt nøgd med denne avtalen. Dette vil medføre at me sparar store beløp, seier sjukehusdirektør Ivar F. Hagenlund og legg til at dette er den største satsinga på ambulansepersonell dei har hatt i helseføretak nokosinne.


SANITETSTRENING: Her er kapteinløytnant Roar Størksen i full sving med øvingsaktivitet om bord i Stridsbåt 90 Sanitet.

Gir bonuseffektar
- På vår side vil KJK ha sine sanitetssoldatar på hospitering i ambulansetenesta, og avdelinga sine sjukepleiarar får jobbe på sjukehuset i periodar, legg Einbu til. Kystjegerkommandoen får også tilgang til sjukehuset sine instruktørar, samt plass på kursa.

- Avtalen me no har med Hålogalandssykehuset vil bringe oss endå lengre. Me ser ei rekke bonuseffektar her som at sanitetspersonellet vil, gjennom hospitering i ambulanse, få ei høgst reel læring med tanke på å forholde seg til pasientar. I tillegg vil sjukepleiarane vedlikehalde og vidareutvikle sine kunnskapar og dugleikar i primærfunksjon.
Sett i heilskapsperspektiv vil avtalen få meir helse ut av kvar krone, meiner Einbu.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.