Tekst og foto: Øyvind Breivik
- Denne autonome undervassfarkosten er heilt unik i verdssamanheng og viser at Norge ligg suverent i teten når det gjeld minejakt til havs, seier kommandørkaptein Per Kartvedt frå minekrigsflotiljen i Kysteskadren. At Hugin er autonom vil seie at den ikkje er knytt til moderskipet via kablar.
Samarbeidsprosjekt
Farkosten har blitt installert om bord på KNM Karmøy og vert i desse dagar testa i farvatna rundt Stavanger. "Hugin 1000" er eit resultat av eit pågåande samarbeid mellom Sjøforsvaret, Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) og Kongsberg Maritime.
AUV: "Hugin 1000" har blitt installert om bord i KNM Karmøy
"Hugin 1000" skal testast grundig før KNM Karmøy tek den med ut i tre månaders internasjonal teneste i oktober. Forventningane er store.
- Vi er overbeviste om at denne teknologien kjem til å revolusjonere maritim minerydding i framtida, seier Jo Tidemann, skipssjef på KNM Karmøy.
Mange fordelar
Fordelane med å bruke "Hugin 1000" til å detektere miner er blant anna at den opererar med høgt tempo, har stort dekningsområde, at den reduserar risiko for personell, og at den opererar skjult. Dessutan tek den i bruk ny sensorteknologi som gjev økt sjanse for funn av objekt.
"Hugin 1000" er likevel berre ein pilot-versjon, og utviklarane har mål om å ta i bruk ein vidareutvikla versjon i 2005.
- Hugin er spekka med teknologi på høgt nivå og det pågår ein kontinuerlig vidareutvikling av teknologiane, seier prosjektleiaren frå FFI, Per Espen Hagen.
Les meir om "Hugin 1000" i neste utgåve av ”I Marinen”.