Forsiden Arkiv Fakta Kysteskadren Kystvakten Sjøforsvarets skoler Nettstedskart Kontakt
 
Forsvarsnett : Sjøforsvaret :

Innhold


Sjøforsvaret
Oslo mil/Akershus
0016 Oslo
55 50 20 00

Utdanningstips
Få utdanningstips om Forsvaret på SMS,
send TIPS til 1980

Spørsmål om utdanning i Forsvaret via SMS,
send SPM + spørsmål til 1980

Bli oppringt,
send SAMTALE til 1980


 



Vidar B. Hope, 2004-02-25


KNM ”Stord” kom heim til Stord

STORD: Etter nærare to år med detaljert og krevjande modellbygging, kunne endeleg Knut Hanselmann overlevere modellen av den historiske jagaren ”Stord” til ordførar Magne Rommetveit.


AVDUKING: Knut Hanselmann stod for avdukinga av den identiske modellen av jagaren "Stord" onsdag. Til venstre følgjer ordførar Magne Rommetveit spendt med.

Tekst og foto: Vidar Hope, Sjøforsvaret

Det var ein stolt ordførar som mottok den detaljrike modellen av KNM Stord onsdag føremiddag. Med seks krigsveteranar som har segla med jagaren til stades, fekk Marinen, Hanselmann og Stord kommune ei flott markering av modelloverrekkinga.

Modellbyggjaren sjølv blei frakta frå Haakonsvern til Stord i missiltorpedobåten KNM Geir og var tydeleg nøgd med dagen.
- Det er mange som har undra kvifor eg ynskjer å gje vekk ein slik modell, men saka er ganske enkel; eg har rett og slett ikkje plass til fleire båtar i heimen, fortalde han like før avdukinga.

Senka ”Scharnhorst”
Jagaren var med på eit av dei store vendepunkta under den andre verdskrigen og har gjeve tydlege spor frå seg i krigshistoria. KNM Stord var med i den livviktige konvoieringa av fartøy som segla frå Murmansk med hjelp av forsyningar til Russland.


Krigsveteran Ingmar Sandvik lot seg imponere av den flotte jagarmodellen til glede for både journalistar og andre frammøtte.

I samband med dette deltok den norske jagaren saman med det britiske slagskipet Duke of York og tre britiske destroyarar i senkinga av det tyske slagskipet ”Scharnhorst” i Nordishavet 26. desember 1943. Denne kampen skulle sette sluttstrek for tyskarane si evne til offensive operasjonar med større kampfartøy til havs, og var difor eit av vendepunkta.

Fekk kaffikopp med rom
Ingmar Sandvik frå Bergen og Anton Vårholm frå Fitjar var begge om bord på KNM Stord under slaget mot ”Scharnhorst”, og sjølv om mannskapet på 230 personar oppleve mykje smerte under krigen, hadde dei to krigsveteranane berre flotte historier å fortelje.
- Me segla jo i saman med den britiske marinen og var på den måten underlagt engelsk skikk. Eg kan difor hugse at dagens høgdepunkt under tokta hende klokka 12, då fekk me nemleg ein kaffikopp med rom, fortel Sandvik muntert. Han var om bord frå november 1943 og eitt år framover.

Vårholm tenestegjorde frå 1943 til 1945. Han hugsar spesielt godt då fartøyet hadde kong Haakon VII om bord.
- Då me segla forbi Stord kunne me sjå lange rekker med faklar på land. Det var utruleg rørande, fortel han.


KIKKA PÅ BILETE: Thor Thorsen hadde med seg bilete frå tenestetida si om bord på KNM Stord. Her viser han dei stolt fram til overflateflotiljesjef Hans Chr. Helseth (til venstre) og informasjonssjef Gunnar Vetlejord.

Streng, pappapir og sugerøyr
Dei tre andre veterangastane som møtte fram onsdag var Bjarne Torsvik frå Fitjar (frå 1954), Erik Saue frå Stord (frå 1949), Thor Thorsen frå Haugesund ( frå 1948) og Leon Johannessen frå Stord (1944 til 1945). Desse kom om bord etter krigen, men Bjarne Torsvik fekk likevel oppleve ei dramatisk hending under verneplikta.
- Grunnstøttinga nord for Stadt i 1954 har verkeleg gjord preg på meg i ettertid. Me var 230 mann om bord. Sjølv om det gjekk bra, var det sterkt å sjå skadane på fartøyet då det låg i dokk seinare, seier han.


SAMTALEN I FOKUS: Krigsveteranane Ingmar Sandvik, Leon Johannessen og Anton Vårholm hadde nok å snakka om under lunsjen i rådhuset.

Frå før har Stord kommune stilt ut namneskiltet og cresten til jagaren i rådhuset på Stord. Bidraget frå Hanselmann har gjord askøyværingen til æresborgar i kommunen. Med hjelp av godt tolmod og kreative påfunn har han bygd modellen heime på Askøy. Prosjektet har tatt mykje av fritida hans.
- Eg har sett etter eit bilde av fartøyet, og så har eg brukt det eg har funne av materiell til å byggja modellen opp. Til dømes strengar, pappapir og sugerøyr, fortell han.

JAGAREN "STORD":
Bygd av J. Samuel White & Co LTD, Cowes (Isle of Wright) i England. Jagaren blei sjøsett 3. april 1943 som HMS "Success" (den britiske marinen), men blei overtatt av den norske marinen 26. august det same året.

Deplasement: 2400 tonn
Lengde: 110,5 meter
Maskineri: To dampkjeler, Parsons-turbiner, to propellar, 40 000 AHK
Fart: 34 knop
Besetning: 230 menn
Bevæpning: 4x12 cm kanonar, 2x40 mm kanonar, 8x20 mm maskinkanonar, åtte torpedoar i firerøyrs launcherar og 80 synkeminer
Sensorar: ASDIC (sonar), radarar




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.