Forsiden Arkiv Fakta Kysteskadren Kystvakten Sjøforsvarets skoler Nettstedskart Kontakt
 
Forsvarsnett : Sjøforsvaret :

Innhold


Sjøforsvaret
Oslo mil/Akershus
0016 Oslo
55 50 20 00

Utdanningstips
Få utdanningstips om Forsvaret på SMS,
send TIPS til 1980

Spørsmål om utdanning i Forsvaret via SMS,
send SPM + spørsmål til 1980

Bli oppringt,
send SAMTALE til 1980


 



Vidar Hope, 2004-03-30


Bånn gass til Nordsjøfartsmuseet

TELAVÅG: Elevane frå Tanks vidaregåande skule storkosa deg om bord på Marinen sine MTB-ar då skulen skulle vitja Nordsjøfartsmuseet i Telavåg tysdag.


I MARINEN: Avganselevane storkosa seg på toppbru. Kim Eric Helle (til høgre) likte seg best i dei store havdønningane.

Tekst og foto: Vidar Hope

Marinen samarbeidar med Nordsjøfartsmuseet i havgapet på vestsida av Sotra. Tysdag tok dei blåkledde på seg ansvaret med å frakta 20 elevar og tre lærarar frå hovudbasen Haakonsvern og fram til museet. Rekrutteringsoffiser Ole Jørgen Eikanger likar opplegget godt.

Omvisning på Haakonsvern
- Det er eit fint samarbeid og eg trur dette er den beste måten å rekruttere på. Ved å ta med elevane om bord får dei verkeleg sjå korleis me har det i Marinen, seier han.

Orlogskapteinen var med å henta elevane i buss ved Tanks vidaregåande skule tidleg om morgonen. Og elevane rakk å få ein omvisning på marinebasen i tillegg til ein kort orientering om kva Marinen kan tilby før dei to MTB-ane KNM Terne og KNM Jo la frå kai.

- Dette er eit av mange rekrutteringstiltak me arrangerer. Det er morosamt at elevane får oppleve ein moderne marine under toktet til Telavåg, for så å få maritim historie ved museet, fortel Eikanger.


ANLØP AV TELAVÅG: Det var trongt om plassen på KNM Jo si bru då MTB-ane skulle leggje til kai i Telavåg, før elevane blei tatt hand om av Nordsjøfartsmuseet.

Vil jobbe i Marinen
Kim Eric Helle er svært godt nøgd med turen ut til Telavåg.
- Det var ein kjempeflott tur, med fine dønningar. Eg lika meg godt om bord. Har alltid hatt lyst til å få jobbe i Marinen, fortel han og får støtte frå medelevar.

I morgon er det Bergen katedralskole sin tur til å bli frakta ut til museet. - Marinefartøya har eit svært hektisk seglingsprogram, så me var heldige som fekk segle med desse to MTB-ane i dag, seier Eikanger som likte seg godt på sjøen i vårveret.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.