|
|

|

Sjøforsvaret
Oslo mil/Akershus
0016 Oslo
55 50 20 00
Utdanningstips
Få utdanningstips om Forsvaret på SMS,
send TIPS til 1980
Spørsmål om utdanning i Forsvaret via SMS,
send SPM + spørsmål til 1980
Bli oppringt,
send SAMTALE til 1980
|

|
|
|

|
Helge
Njåstad,
2003-02-03

|

|
Mineryddarane klar til teneste
Sjøforsvaret sine mineryddarar er igjen å sjå på havet etter at brannen på KNM Orkla beordra samtlege farty til kai.
Skipsjef på KNM Oksøy, Jo Tidemann, og mannskapet er i full gong etter seglingsforbodet. - Me er attende i vår vanlege operative teneste, fortel Tidemann. Fartyet segla i forrige veke og set kursen til Stavanger i neste veke. - Me har fått ein dispensasjon for seglingsforbodet, med vilkår om ekstra streng brannkontrollrutinar, fortel skipsjefen.
Av mineryddarane er det berre KNM Hinnøy som er ferdig med installasjonen av tiltaka for å betre branntryggleiken. Dei er allereie på plass i MCMFORNORTH operasjonen. Dei andre mineryddarane skal vera ferdig til veke 10.
Maskinist Hans Olav Midtun viser dei nye installasjonae i vifterommet.
Til påske skal KNM Oksøy avlaste KNM Hinnøy i operasjonen. - Det ser me verkeleg fram til, fortel skipssjefen som vil leia fartøyet i operasjonen i eit halvtår. Han har ingen betenkeligheter med å vere skipsjef på ein mineryddar etter hendinga på KNM Orkla. - Me opererer som før, men med bevistheten at me kan takle eit slikt scenario som Orkla opplevde, seier Tidemann.
|

|

|
|
 |
|
Ingen relaterte artikler.
|
|