Forsiden Arkiv Fakta Kysteskadren Kystvakten Sjøforsvarets skoler Nettstedskart Kontakt
 
Forsvarsnett : Sjøforsvaret :

Innhold


Sjøforsvaret
Oslo mil/Akershus
0016 Oslo
55 50 20 00

Utdanningstips
Få utdanningstips om Forsvaret på SMS,
send TIPS til 1980

Spørsmål om utdanning i Forsvaret via SMS,
send SPM + spørsmål til 1980

Bli oppringt,
send SAMTALE til 1980


 



Vidar Hope, 2004-09-09


FN-heider til marineprest

MADLA/HAAKONSVERN: Einar Arne Garlid (53) blei overraska då han møtte opp til storoppstilling på rekruttskulen. Marinepresten skulle nemleg hyllast for sitt FN-engasjement.


FN-HEIDER: Einar Arne Garlid blir tildelt medalje av kommandør Terje Landmark, som er rekruttskolesjef. (Foto: Frank Kvilhaug)

Av Vidar Hope

Orlogskaptein Garlid ante fred og inga fare då han møtte fram til oppstilling i paradeuniform onsdag 8. september. Den populære marinepresten trudde han berre skulle delta på ei ordinær oppstilling for så å gå i møte like etter. Men personellet på rekruttskulen KNM Harald Haarfagre ville det annleis.
- Då eg såg at det var FN-veteranar til stade, skjønte eg at noko var på ferde. Eg måtte berre innsjå at dei hadde lurt meg, seier ein beskjeden og rørt heidersprest.

- Overraska og glad
FN-veteranane sitt heidersteikn heng høgt og berre eit fåtal har fått denne utmerkinga tidlegare. Prisen er gjeven til Garlid som ei anerkjennelse frå soldatar og deira pårørande. Garlid har sjølv vore i internasjonale FN-operasjonar. Etter det har han behaldt kontakten med soldatane og familien deira.
- Mange visste om det og eg vart svært overraska, men eg set verkeleg pris på dette. Eg er svært overraska og ikkje minst glad, seier han.


MARINEPREST: Garlid er hatt ein innhaldsrik teneste som marineprest. Han visste ingenting om at FN-veteranane ville hylla han med FN-heider på rekruttskulen sin appellplass. (Foto: Frank Kvilhaug)

Marinepresten hugsar godt tida då han var i internasjonale operasjonar. Eitt spesielt år opplevde 53-åringen ting han aldri vil gløyme.
- Det var ei fin tid då eg fekk vera feltprest i Libanon i 1988. Eigentleg var det eit godt år med politisk optimisme og utgjeving av Nobels fredspris til FN-soldatane. Det var først seinare at returen kom, fortel han.

Haldt tospråkleg gudsteneste
Orlogskapteinen arrangerte gudstenester og bibelturar der han sjølv var guide.
- Me lånte ei ortodoks kyrkje som me delte med libanesarane. Dei skulle bruke kyrkja på dagtid, mens FN-bataljonen brukte den om kvelden. Men det enda med at me haldt gudstenestene saman. Eg fekk med ein tolk, sånn at me fekk gjennomført det tospråkleg. Og så fann me fram salmar med den same melodien. Det var eit ordentleg triveleg miljø, forklarar han.

Men Garlid understrekar også at det var andre soldatar og offiserar som ikkje hadde det like godt.
- Folk i andre posisjonar hadde ei heilt anna oppleving av tenesta enn meg. Som feltprest opplevde ikkje eg det same trykket. Og det er fleire soldatar som har slite med opplevingane frå Libanon fleire år etter at dei kom heim att, fortel han.

I dag er Garlid busett i Stavanger, men han ynskjer eit nytt oppdrag i ein internasjonal operasjon før han gir seg i Forsvaret.
- Eg reknar med ein tur til før eg legg inn årane, seier han.
Under overrekkingstalen frå FN-veteranane blei det framheva at Garlid er ein god representant for Forsvaret, og spesielt i den tenesta han utførar for sine medsoldatar og offiserar.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.