
|
Ny KV-kjempe snart klar
SØVIKNES: 28. januar blir KV Harstad døypt med leiar i forsvarskomiteen, Marit Nybakk, som gudmor. Fartøyet kan gjennomføre alle typar kystvaktoppgåver og går i tillegg inn i slepebåtberedskapen i Nord-Noreg.

| | SNART KLAR: Enno står litt arbeid att, men KV Harstad er i rute. 28. januar blir fartøyet døypt. |
Tekst og foto: Katrine Gramshaug
- Til kystvaktfartøy å vera er det ein kraftig havgåande slepebåt. I tillegg har båten veldig gode kapasitetar innan oljevern og aksjonsleiing, forklarer kapteinløytnant Odvin Nilsen, skipssjef på KV Harstad.
Beste kystvaktfartøy
Dei siste tre månadane har han fylgt bygginga på Søviknes Verft utanfor Ålesund. ”Harstad” blir bygd av reiarlaget Remøy Shipping og leigd til Kystvakta på 10-års kontrakt.
- Remøy Shipping har kystvakterfaring sidan slutten av 1970-talet og samarbeidet går svært godt, fortel skipssjefen.
Ei veke før dåp er det framleis nok å gjera, men verftet lover at prosjektet skal verte ferdig i tide.
- Me har vore på prøvetur og testa ut at det meste fungerte, det som no er att er tilpassingar og detaljar som må på plass, forklarer han.
Mykje god kystvakterfaring er lagt ned i nybygget.
- Fartøyet blir funksjonelt og retta mot dei oppgåvene KV Harstad skal ha. Me har nytta erfaringane me har gjort oss tidlegare, mellom anna frå KV Ålesund, KV Tromsø og KV Normand Trym, noko som gjer at dette skal verte eit svært godt verkty til å verne om ressursane langs kysten, fortel han.

| | INSPISERTE: Kapteinløytnant Odvin Nilsen gleder seg til å bli skipssjef på det nye fartøyet. |
I tillegg er kystvaktfartøyet tilrettelagt for å kunna utføra redningsoppdrag for havarerte undervassbåtar og vart på teiknestadiet forlenga åtte meter for å kunna få plass til alt utstyret som trengst til dette nyutvikla konseptet.
God plass og børsta stål
KV Harstad er ein moderne båt. Den tradisjonelle messingen er erstatta med børsta stål, innreiinga er gjennomført med lys beige skott, mørkeblå møblar, kirsebær treverk og skifergrå detaljar. Det vel 80 meter lange fartøyet består av åtte dekk totalt, av dei er fem over hovuddekket. Total tonnasje er 3132 tonn.
- Me får god plass om bord. KV Harstad er nesten like stor i tonnasje som Nordkapp-klassen, men besetninga tel berre ca 20, med fire militære offiserar, fem sivile og 10-12 menige.
Etter at KV Harstad er døypt 28. januar er mannskapet klart for oppdrag nesten med det same. Dagen etter går båten rett ut på testar for Dynamisk Posisjonering (DP) med meir. Så blir det interne øvingar nokre dagar for å læra å ivareta eigen tryggleik. 4. februar kjem båten til Bodø og skal presenterast for Landsdelskommando Nord-Noreg. Samstundes forlèt KV Normand Trym kystvakta etter 16 månadars teneste. 5. februar skal båten visa seg fram for folket i Harstad og i dagane etter skal det setjast ombord militært utstyr og oljevernutstyr.
VITALE MÅL:
Lengde OA: 83 meter
Bredde: 15,5 meter
Dypgående: 6 meter
Toppfart: 18,35 knop
Depleasement: 3132 brt.
Køyplasser: 26 personer (+ 14)
Dekkslast: 400 kvm/ 2,5 tonn pr. kvm
Fuel: 829 kubikkmeter
Ferskvann: 384 kubikkmeter
ORO: 1116 kubikkmeter
LIVREDNINGSUTSTYR:
Mob båter: 2 Norsafe Magnum 750 SS
Daviter: 2 Hydramarine 4,5 tonn
Livredningsflåter: 4 Viking à 25 og 1 à 6 personer
FREMDRIFTSANLEGG:
Motorer: 2 Rolls-Royce Marine, Bergen B:32:40L8P4000 kW, 750 RPM fleksibelt montert
Propeller: 2 Rolls-Royce Marine KaMeWa m/dyse, diameter 3000 mm
GENERATORER:
2 akselgeneratorer PTO 1800 kW og PTI 1500 kW
Hjelpegeneratorer: 2x600 kW
Nødgenerator: 1x190 kW
Thrustere: 1 TCNS 73/50-180 883 kW, ”swing up”
1 TT1850 DPNCP 736 kW tunnel thruster
DEKKSUTSTYR:
Ankervinsj: RRM, Brattvaag deck Machinery 10,2 tonn
Slepevinsj: 1 RRM, Brattvaag 50/250 tonn
Tuggervinsj: 1 RRM, Brattvaag 10 tonn
Lagervinsj: 1 RRM, Brattvaag 6,5 tonn
Kapstan: 2 RRM, Brattvaag 5,5 tonn
Dekkskran: 1 Hydramarine 5 tonn – 15 m
Haikjeft/tauepinner: RRM, Brattvaag
|

|