Forsiden Arkiv Fakta Kysteskadren Kystvakten Sjøforsvarets skoler Nettstedskart Kontakt
 
Forsvarsnett : Sjøforsvaret :

Innhold


Sjøforsvaret
Oslo mil/Akershus
0016 Oslo
55 50 20 00

Utdanningstips
Få utdanningstips om Forsvaret på SMS,
send TIPS til 1980

Spørsmål om utdanning i Forsvaret via SMS,
send SPM + spørsmål til 1980

Bli oppringt,
send SAMTALE til 1980


 



Vidar Hope, 2005-04-13


Nato-kraftsamling i norsk farvatn

BOKNAFJORDEN: To Nato-styrkar utgjer majoriteten av ein større øvingsstyrke som for tida trenar i rogalandområdet. Styrken skal trene på dei nye Nato-hovudoppgåvene.

Foto: Vidar Hope
FYLLER DRIVSTOFF: Det tyske tankfartøyet "Frankfurt" forsynte fregattane med drivstoff til sjøs allereie første øvingsdag. På Nato-språket vert dette kalla replenishment at sea.

Tekst og foto: Vidar Hope

Alleie måndag, på øving Loyal Mariner sin opningsdagen, var ein av dei to ståande Nato-styrkane som deltek i gong med spesifikke øvingar. Oppdraget var at alle dei seks fartøya skulle fylle drivstoff til sjøs frå den flytande, tyske bensinstasjonen ”Frankfurt”.

Heile 85 fartøy
Øving Loyal Mariner er til for å trene samvirke og operativ evne for maritime styrkar innmeld til Nato Response Force (NRF). I tillegg skal storøvinga gi trening til andre fartøy frå Nato- og frå Partnarskap for fred-nasjonar - i dette høve Sverige og Finland.
- 85 fartøy frå 15 Nato-land, Sverige, Finland samt fly og helikopter frå nordsjølanda vil delta. På øvinga stiller Norge med fregattar, mineryddarar, missiltorpedobåtar, ubåt og kommandofartøy, fortel informasjonssjef Gunnar Vetlejord.

Fregatten FGS Bayern er flaggskipet for den ståande fregatt- og destroyerstyrken SNMG 1 som også har følgje av norske KNM Trondheim. Flaggkommandør Wolfgang Kalähne er fersk sjef for Nato-styrken.
- Vi skal forme øvingsscenariet slik at det vert så realistisk som mogleg. I løpet av øvinga skal vi trene på fleire av hovudoppgåvene som ligg i NRF. I tillegg vil staben vår og staben til den ståande mineryddarstyrken bli NRF-sertifisert av Nato sitt hovudkvarter under vegs. Dei skal kontrollere at vi opprettheld det nivået vi skal ha, forklarar den tyske styrkesjefen.

Foto: Vidar Hope
FØLGJER MED: Tyske Wolfgang Kalähne (til høgre) leiar den ståande fregatt- og destroyerstyrken som for tida trener i norsk farvatn.

Må vera i rørsle
Mineryddarstyrken SNMCMG 1 blir leia under norsk kommando. Styrkesjef Per Kartvedt er vant til å trene langs den norske kysten og ser nytta av å gjere dette også med allierte fartøy.
- Det er viktig at vi er i kontinuerleg rørsle slik at vi kan oppretthalde eit høgt operativt nivå. Jobben vår er å levere ein mineryddingskapasitet som med vilje og evne skal kunne operere som ein Nato-styrke, fortel kommandørkapteinen som om kort tid har leia styrken i eitt år og sender sjefsstafettpinnen vidare.

Øvingsleiinga vil vera i Nato-hovudkvarteret i Northwood utanfor London, mens den taktiske leiinga av dei sjøgåande eininga vil skje frå det spanske fartøyet SPS Castilla der ein stab på 120 personar er klar for å styre dei ulike aktivitetane. Fregatten KNM Trondheim er ein viktig del av styrken, og SNMG 1-leiinga har lagt merke til det norske fartøyet.
- Eg tok ikkje over kommandoen før nylig og har ikkje sett KNM Trondheim i aktivitet, men det eg høyrer frå dei andre i staben er at fartøyet har imponert. Spesielt med tanke på bruken av AIS-systemet (automatisk identifisering av skipstrafikken). Dette systemet burde alle Nato-fartøy ha, slår han fast.

Øving Loyal Mariner skal halde fram til 28. april. Styrkane vil segle sør mot Kristiansand og Skagen i neste veke.

NATO-STYRKANE
SNMG 1:
Standing Nato Response Force Maritime Group 1 (SNMG 1) var tidlegare kjend som Standing Naval Forces Atlantic. Styrken var den første aktive og permanente internasjonale fregatt/destroyer-styrken som blei grunnlagt i Nato og den ståande styrken stod klar 13. januar 1968. Norge har delteke sidan den blei oppretta. I SNMG1 finn vi i dag fem fregattar og destroyerar i tillegg til norske KNM Trondheim som segla inn i styrken 14. januar. Styrkesjefen er frå Tyskland, elles deltek Nederland, Canada, USA, Portugal og Tyskland.


SNMCMG 1:
Standing Nato Response Force Mine Countermeasures Group One (SNMCMG1) er ein permanent multinasjonal Nato-minemottiltaksstyrke. Styrken er ein innsatsstyrke og dersom det er nøysamt vert den kjernen i ein større mineryddarstyrke. Faste deltakande nasjonar er Norge, Storbritannia, Belgia, Nederland, Tyskland, Danmark og Polen. Styrkesjefen rullerar med eitt års syklus, og sidan 28. mai i fjor har Norge leia styrken med kommandørkaptein Per Kartvedt frå Bergen som styrkesjef.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.