
|
Fotoarkiv på nett
Forsvaret har no fått sitt digitale biletarkiv ut att på nettet. Det vil no vere tilgjengeleg for alle innan Forsvaret, samt eksterne bedrifter og media.
Av Åge Andre Breivik og Magnus Iversen (foto), Forsvarets mediesenter
ARKIV: Det digitale biletarkivet er no oppe og går, både for Forsvaret sine tilsette og eksterne brukarar.
Mot ei underskrift på avtalevilkåra kan både brukarar i Forsvaret og sivile brukarar få nytte seg av tilbodet vederlagsfritt. Einaste kravet som vert stilt frå Forsvarets mediesenter (FMS) si side er at fotografane vert krediterte når bileta vert offentleggjorde. Dette er det diverre ikkje alle som gjer, seier arkivleiar Amundsen ved FMS.
Er oppgradert
Arkivet har vore ute av drift sidan sommaren 2003, då det grunna manglande oppgraderingar vart fjerna. No er både programvare og maskinvare oppgradert, og stabiliteten i systemet skal vere betre enn den var før. Medan FMS skal stå for oppdateringar av det faglege, skal FLO/IKT stå for den tekniske biten.
Talet stig raskt
I det digitale arkivet kan ein no finne bilete heilt attende til tidleg på 1980-talet. Både høg- og lav-oppløyselege bilete ligg klare for bruk, og ein kan per dags dato finne om lag 17 000 bilete. Eit tal som stig raskt heile tida. På internett finn du biletarkivet her .
|

|