
|
Oscarsborg-avtale klar
Framtida til Oscarsborg festning ser no ut til å vere avklara. Gjennom forhandlingar med fleire partar har ein kome fram til at det beste alternativet er å la Stiftelsen Oscarsborg Festning ta over drifta, og føre anlegget vidare.
Av Åge Andre Breivik, Forsvarets mediesenter
OSCARSBORG: Det er denne holmen i Oslofjorden ein no forhandlar om framtida til. Arkivfoto: Torbjørn Kjosvold.
Skifte Eiendom, som er eit prosjekt i Forsvarsbygg, har no klar ein intensjonsavtale for vidare drift av Oscarsborg. Før sommaren skal ein leigeavtale underskrivast. Ei god samarbeidsvilje frå partane er det som har ført fram. Og det var Stiftelsen Oscarsborg Festning som trakk det lengste strået. Bak stiftinga står Norske Reserveoffiserers Forbund med utvalde samarbeidspartnarar.
I månadane framover skal Skifte Eiendom forhandle med stiftinga om korleis ein skal fordele ansvaret på anlegget. Ingenting skal endrast på Oscarsborg utan at staten, som framleis skal stå som eigar, godkjenner det. Fram mot sommaren skal ein no få konkretisert planane for festningsområdet, der staten truleg vil få meir kontroll enn ein tidlegare har trudd.
Førebur leigeavtale
For det som ein har forhandla fram no er nemleg ei førebuing til ein leigeavtale, der Oscarsborg skal gjerast meir spanande for områda rundt, også for næringslivet. Ein skal gjere området interessant for folk i Drøbak og Hurum, så dei vil nytte seg av fasilitetane.
Det er planar om å få i gang drift av både hotell og restaurantar på holmen, samt at ein vil lage eit hamneanlegg for småbåtar. I tillegg vil ein satse på meir teater og opera på holmen, og også fleire kunstutstillingar.
Året rundt
Eit av måla ein har med Oscarsborg framover er at det skal vere aktivitet heile året, og ikkje berre i sommarhalvåret som det er no. Ein militær kommandant vil etter kvart kome til på holmen, og eit visst militært nivå vil ein difor finne.
Dette vert meir symbolsk enn noko anna, og hovudoppgåva for kommandanten vil vere å halde styr på flagget, og å passe på når det skal vere saluttar frå festninga. Den militære tilknytinga som Stiftelsen Oscarsborg Festning har gjennom reserveoffisersforbundet ikkje vore avgjerande når ein har bestemt kven som skulle få tilslaget på festninga.
- God marknadstilnærming
I siste runda med forhandlingar var to partar aktuelle, og det var særleg tre ting som avgjorde at nettopp denne stiftinga fekk tilslaget. Marknadstilnærminga som denne gruppa har hatt har skilt dei frå dei andre konkurrentane, og dei har også vist ei vilje til å satse økonomisk på dette prosjektet.
- I tillegg har stiftinga vist eit veldig engasjement i samband med dette prosjektet, og det er tydeleg at det er mange kjensler inne i biletet, seier kommunikasjonsrådgjevar Anne Bull i Skifte Eiendom, tidlegare Avhendingsprosjektet.
-Prosessen saman med Skifte Eiendom har vore veldig positiv og me gler oss til vidare samarbeid, uttaler daglig leiar i Stiftelsen Oscarsborg Festning, Jon-Ivar Paulsen.
|

|