Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett : Aktuelt

Aktuelt
Artikkelarkiv
Pressemeldinger
Mennesker
Årskavalkade 2003
Årskavalkade 2004
Årskavalkade 2005
Årskavalkade 2006
Bildegalleri
Radarsaken
Kunngjøringer
Om Forsvarsnett


Om Forsvarsnett
 



Åge Andre Breivik, 2004-02-10


Framleis kamp mot narkotika

I overkant av 1000 brot på narkotikalovgjevnaden vart i 2003 etterforska i Forsvaret. Dei siste tre åra har ein ikkje hatt store endringar i desse tala, men Forsvaret jobbar vidare med å få vekk lovbrota.

Av Åge Andre Breivik, Forsvarets mediesenter


NARKOSØK: Her vert bagasjen til ein kontingent i Libanon undersøkt ved verkstadkompaniet i Tibnine, då Noreg hadde soldatar der. Arkivfoto: FMS.

Mellom anna ved hjelp av stikkprøver under innrykk har ein siste åra freista å halde talet på narkotikabrot nede.
- Desse prøvene er med på å synleggjere Forsvaret sin nulltoleranse i samband med narkotika, seier major Reino Ottesen i Helse, miljø og sikkerhetsavdelingen i arbeidsgiveravdelinga til Forsvarsstaben.

Oversendt sivile myndigheiter
Frå 1087 saker etterforska i 2001 til 1090 i 2003 kan ein vel ikkje seie at det har vore dei heilt store endringane, men samstundes har talet på tilsette og vernepliktige gått litt ned. Ergo kan ein seie at det har vore ei lita auke i sakene i høve til talet på personar i Forsvaret.

Alle saker som omhandlar brot på narkotikalovgjevnaden vert direkte oversendt til sivile myndigheiter. Ingen saker av denne karakteren vil føre til militær forfylging, og ein kan heller ikkje få ei militær straff etter slike lovbrot.

Vil få ut sitt synspunkt
For å halde desse tala nede, er det mellom anna narkotikagruppene i Forsvaret som har ein jobb å gjere. Narko Nord og Narko Sør driv med inspeksjonar for å hindre desse lovbrota, samstundes som dei driv med førebygnad gjennom avdekking.

Forsvaret sin militærpolitiskule har også kurs for narkotika etterforsking. Dette, i tillegg til informasjon rundt til avdelingane, skal vere med på å skape dei haldningane som Forsvaret er ute etter. Gjennom undervisning av både vernepliktige og offiserar kan Forsvaret få klart fram kva som er deira haldning til denne problematikken.

Sivil etterforsking
Avdelingssjefane rundt om i landet vert også oppfordra til å ta eit tak i dette, og gjere det klart kva for liner kvar avdeling skal leggje seg på innanfor rusmiddeldirektivet. Kva for reglar som skal gjelde for reiser og kva som skal gjelde ved vanlege messemiddagar, er mykje opp til kvar avdeling å avgjere, men rusmiddeldirektivet er overordna for Forsvaret.

Korleis dei 1087 sakene i 2003 enda, er det vanskeleg å seie, då det er sivile autoritetar som etterforskar sakene. Men arbeidet i Forsvaret held fram, og sidan vernepliktige utgjer storparten av brota på lovgjevnaden, er det viktig å vise fram nulltoleransen som Forsvaret har. Til dømes å vise den under innrykka kvart år.





 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.