Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett : Aktuelt

Aktuelt
Artikkelarkiv
Pressemeldinger
Mennesker
Årskavalkade 2003
Årskavalkade 2004
Årskavalkade 2005
Årskavalkade 2006
Bildegalleri
Radarsaken
Kunngjøringer
Om Forsvarsnett


Om Forsvarsnett
 



Åge Andre Breivik, 2004-03-17


Politikarar vitja treningssenter

JÅTTÅ/ULSNES: - Det er greitt å få sjå kva for moglegheiter som ligg her, og også kva for avgrensingar som ligg i desse anlegga, seier Marit Arnstad etter forsvarskomiteen sitt besøk på Jåttå og til Natos felles treningssenter.

Av Åge Andre Breivik (tekst og foto), Forsvarets mediesenter


OMVISNING: Forsvarskomiteen fekk omvisning på Ulsnes av den britiske generalmajoren James Short.

Tysdag var det fyrste gangen heile Forsvarskomiteen reiste samla til Jåttå etter at etableringa av Joint Warfare Centre (JWC) vart vedteke på Stortinget. Med unntak av Sosialistisk Venstreparti var alle partia på Stortinget representerte på turen, der dei fekk ei rask innføring i kva måla for JWC er.


NØGD: Komitemedlem Marit Arnstad var godt nøgd med opplegget rundt vitjinga på JWC.

Tur til USA
Generalmajor Short, som er Chief of Staff for JWC, heldt opningsføredraget for komiteen, med JWC sine mål og utfordringar som tema. Han heldt mellom anna fram at det ennå ikkje er nok mannskap på anlegget som skal vere med på å trene leiinga til dei internasjonale operasjonane i Nato. Men dette jobbar ein med å betre så fort som råd.

-Det er greitt å få gjort unna turen no, seier Arnstad, som har mykje arbeid framfor seg, med langtidsplanen som skal handsamast i komiteen før sommaren. Etter påske skal komiteen også til tur til USA, der dei mellom anna skal innom Allied Command Transformation i Norfolk for å få ei liknande innføring i kva dei driv med.

Sparer pengar
Turen til Stavanger tysdag var ein kjapp tur, men tida vart vel anvendt, meiner Arnstad, som skryt av måten leiinga ved JWC heldt sine presentasjonar.
-Me fekk sjå både Ulsnes og Jåttå på ein dag. Det var ein grei gjennomgang av kva planane til JWC er, legg Arnstad til.

Ulsnes er eit område som i fyrste omgang skal brukast til trening for JWC, men her kan kanskje verksemda kome til å ekspandere. Nato har her teke i bruk ein tidlegare militærleir, og har dermed spart mykje pengar på å sleppe å byggje nytt.

Hektisk
-No er me vel betre orienterte om JWC og dei internasjonale operasjonane me er involverte i, sett frå eit militært hald, fortel Arnstad, som meiner det er viktig å vere godt oppdatert i desse emna. For det vert reist ein del dilemma i fylgje med dei internasjonale operasjonane no framover.
-Det er viktig å få høyre om tidsperspektivet i dei operasjonane me no er inne i, samstundes som me må vite kva for kapasitetar som er tilgjengelege for framtidige operasjonar, seier Arnstad, som legg til at det kjem til å verte mykje diskusjon framover, i høve til langtidsplanen som skal drøftast.


PÅ VITJING: På Joint Warfare Centre fekk Forsvarskomiteen informasjon om internasjonale operasjonar og JWC sine planar.

Planen skal vere ferdig til drøfting i Stortinget til 9. juni, så komiteen har nok å gjere dei neste åtte til ti vekene.
-Me skulle gjerne hatt betre tid, men når Stortinget vil ha det ferdig, må me jobbe ut i frå det, smiler Arnstad, som meiner at det viktigaste i langtidsplanen er spørsmålet om kva for slags Forsvar me skal ha, og til kva pris.





 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.