
|
Rygge med tilbod til O-løparar
Idrettsavdelinga på Rygge flystasjon søkjer orienteringsløparar som skal inn til fystegongsteneste i løpet av sumaren og hausten.
Av Frank Rosvoll, Forsvarets mediesenter
ORIENTERAR SEG MOT IDRETTSUNGDOM: Rygge stasjon vil gjerne at vernepliktige o-løparar skal gjere fystegongstenesta hos dei.
På Rygge får idrettsungdomane ekstra gode høve til å drive med orientering både på og utanfor leiren, i eit samarbeid med Fredrikstad skiklubb. Gjennom annonsar på nettsidar som rettar seg mot orienteringsmiljøet i Noreg, tilbys o-løparar det Rygge flystasjon omtalar som ”ei aktiv teneste med gjennomføring av orienteringsarrangement og gode moglegheiter for eigentrening”.
- Det er ingen tvil om at unge o-løparar som har fystegongstenesta her vil ha veldig gode vilkår for å utøyve sin idrett, seier Frank Sandberg, kvartermester og idrettsbefal på Rygge.
Satsar på O-løp
Sandberg seier til Forsvarsnett at dette er eit relativt nytt tilbod, men orienteringsidretten står sterkt både i Østfold og ikkje minst på Rygge. Kvar tysdag arrangerar idrettsavdelinga o-løp i Mossemarka. Kvartermester Sandberg seier at det jamnleg er opp mot tjue som deltek i løpa. Auka tilfang av vernepliktige o-løparar vil styrkje orienteringsmiljøet på stasjonen ytterlegare, trur han. Dei som nyttar seg av tilbodet må pårekne å vere med på å arrangere dei hyppige o-løpa, ved å sette ut og ta inn postar, teikne kart og drive resultatservice. Naturlegvis vil dei og få gode vilkår for eigentrening i tenesten, og ikkje minst gjennom de uformelle samarbeidet med orienteringsgruppa i Fredrikstad skiklubb.
Høgt sportsleg nivå
Sportsleg leiar i Fredrikstad skiklubb, Øystein Ruud seier til Forsvarsnett at dei ynksjer kontakt med o-løparar som er inn til teneste på Rygge. Idrettslaget satsar målmedvetent på orientering, og dei reknast som ein av dei fire-fem beste klubbane innan norsk orientering.
- Teneste på Rygge og eit samarbeid med oss i Fredrikstad skiklubb bør absolutt vere interessant for o-løparar som skal inn til fystegongsteneste. Dei får trene i ein klubb som driv orientering på høgt nivå, og vi håpar sjølvsagt å få nye impulsar inn i treninga frå dei som kjem inn, seier Ruud.
|

|