Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Forsvarsnett
Forsvarets mediesenter
Oslo mil/Akershus
0015 Oslo

Redaktør
Seniorrådgiver Endre Hjelseth
 



Trine Sylju Arntsen, 2005-09-28


Verdsstjerne dirigerar Forsvarsmusikken

Ole Edvard Antonsen blir solist og dirigent i Forsvarets musikkorps Trøndelag. - Vi har gjort eit kupp og fått verdas beste trompetist til oss, seier Viggo Melhus sjef for korpset.

Av Øystein Windstad, Forsvarets mediesenter


SOLIST OG DIRIGENT: Antonsen har samarbeida med Forsvarets musikk før. Bilete er frå Norsk Militær Tattoo i 2002 då han spela saman med marinemusikken. Foto: Torgeir Haugaard, FMS

Den verdskjente musikaren overtek korpset 1. januar 2006, og skal lede korpset i tre år. Men Antonsen tjuvstartar samarbeidet allereie i haust, og skal stå i spissen som solist under fire konsertar.

Ønskjer å skape engasjement
Sjef for Forsvarets musikkorps, musikkmajor Viggo Melhus sparar ikkje på superlativa:
- Ole Edvard Antonsen er verdas beste trompetist. At han no skal ta over og lede korpset er heilt utruleg bra. Antonsen er kjent internasjonalt og har ikkje mangel på jobbtilbod. Han har eit idealistisk syn på Forsvarsmusikken og meinar at vi har av dei beste musikarane i landet. Det ønskjer han å vise med å fronte korpset og skape engasjement og merksemd.

- Folk forventar nok at Antonsen skal stå både med dirigentpinne og trompeten i handa under konsertane. Dei vil få begge deler, fortel musikkmajor Viggo Melhus.

Fakta om Forsvarets musikkorps Trøndelag
Korpset består av 32 personar, der 28 er utøvande musikarar.
Dei skal halde fire konsertar med Ole Edvard Antonsen i spissen i haust. Det skjer i Orkanger 13. oktober, Stjørdal 17. oktober, Innerøy 18. oktober og i Namsos 20. oktober.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.