
|
Militærmakt som verkemiddel
Forsvarssjef Sverre Diesen og Ap-politikar Thorbjørn Jagland er to av foredragshaldarane ved Militærmaktseminaret 2005. Der skal dei saman med internasjonalt kjende forskarar diskutere statens tryggingspolitiske rolle.
Av Øystein Windstad, Forsvarets mediesenter.

| | MILITÆRMAKT: Det er stor skilnad i bruk av militære maktmidler i dei nordiske landa. Kvifor vil seminaret gi svar på. Arkivfoto: Nordetman. |
Seminaret er eit samarbeidsprosjekt mellom Norsk utanrikspolitisk institutt og Forsvarets stabsskule. Tittelen på seminaret er ”Statens sikkerheitspolitiske verkemiddel – Nordiske vegval og den norske transformasjonen”. Forskarar, politikarar og militære frå dei nordiske landa er henta inn for å halde foredrag og diskutere. Seminaret vil presentere militære og sivile sikkerheitstrategiar i eit europeisk, russisk og amerikansk perspektiv.
Ulike vegval
Ein stat kan oppnå sine mål med diplomati, politikk og militærmakt. Dei skandinaviske landa har same utganspunkt, med sterk velferdsstat og likt politisk system. Likevel er bruken av militærmakt og val av alliansar ulik. Kvifor det er slik og kva som skal til før militær makt blir brukt er eit gjennomgåande tema på seminaret.
Framtida
Omstillinga til Forsvaret og den nye profilen til Forsvaret blir tatt opp. Går transformeringa for sakte, eller bør den gå raskare? Dei spørsmåla blir gjenstand for paneldebatt. Sjef for Telemarkbataljonen, oberstløytnant Odin Johannesen, tek for seg kva som krevst av den enkelte i det transformerte forsvaret. Seminaret er opent for alle så framt det er ledig plass.
Seminaret går av stabelen 17.-18. november i Henry Dunant-salen, Røde Kors, Hausmannsgate 7, Oslo.
For påmelding, ta kontakt med oberstløytnant Magnus Eriksson: meriksson@fsts.mil.no
Frist for påmelding er 11. november.
|

|