Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Christian Eriksen, 2005-10-04


Tettare samarbeid med Russland mot tjuvfiske

Kystvakta vil ha fleire russiske inspektørar på norske fartøy for å få bukt med tjuvfiske. Ulovleg fiske i nordområda utgjer no ein femdel av all fisk som blir tatt opp.

Av Øystein Windstad, Forsvarets mediesenter

Arkivfoto: Torbjørn Kjosvold, Forsvarets mediesenter.
SAMARBEID: På grunn av mangelfull kontroll i nordområda, skal Noreg og Russland samarbeide tettare om inspeksjonane. Arkivfoto: Torbjørn Kjosvold, Forsvarets mediesenter.

Fleire departement jobbar no med korleis Kystvakta skal kontrollere ulovleg fiske i Barentshavet. Eit av forslaga til strakstiltak er å utvide samarbeidet med Russland og opne for fleire russiske inspektørar på norske fartøy.

Vil ha tettare samarbeid
Kystvakta sjølv er positiv til forslaget:
- Vi har berre positive erfaringar med denne typen utveksling. Russland er den av våre naboar me har samarbeida mest og tettast med. Dette er tillitsskapande arbeid som skaper truverd på tvers av grensene, fortel stabssjef for Kystvakta, kommandør Geir Skorstad.

Stabssjefen for Kystvakta meinar forslaget som er til behandling i departementa er eit teikn på at det norsk-russiske samarbeidet fungerar. Spesielt i høve til å oppnå eit felles syn på korleis områda skal forvaltast og kontrollerast. Med russiske inspektørar om bord i norske kystvaktfartøy kan dei russiske kontrollørane ha oppsyn med eigne båtar i internasjonalt farvatn. Det har derimot ikkje eit norsk kystvaktskip utan russisk inspektørar myndigheit til.

Omlasting
- Det aller største problemet kring ulovleg fiske er omlasting, slår kommandør Skorstad fast. Omlastinga gjer at det er særs vanskeleg å kontrollere kvar fisken kjem frå.

- Taparane blir jo dei som fiskar lovleg, som igjen får mindre å fiske på. Det ulovlege fisket går hardt utover bestanden, vi veit at det allereie blir fiske over det som forskarar tilrår. Med eit ulovleg fiske på toppen av dette utgjer det ein alvorleg trussel mot bestanden, fortel Skorstad.

Kritisk for bestanden
- Vi har estimert det ulovlege fisket dei siste tre åra til 100 000 tonn fisk i året. Det uttaket tilsvarar ein femdel av dei lovlege tildelte kvotene i Barentshavet. Før har kvotene vore på 800 000 tonn i året, seier Lars Kjøren, orlogskaptein i Kystvakt nord.

Ulovleg fiske pressar prisane ned og gjer det vanskeleg for forskarar å estimere bestanden.





 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.