
|
Seksti år med samband
JØRSTADMOEN: Hærens samband har stått seksti år på eigne bein som våpengrein. – Vi har hatt ei unik utvikling. Datamaskiner som tok ein etasje, er no erstatta av ei lita brikke, fortel major Odd Selle.
Av Øystein Windstad, Forsvarets mediesenter (tekst og foto).
Hærens samband feirar seg sjølv som eigen våpengrein i Forsvaret. Få har gjennomgått større utvikling i Forsvaret enn Sambandet. Hærens samband kan feire ei rivande utvikling frå den spede byrjinga med vardebrenning til notidas omlegging i retning mot nettverksbasert forsvar.
Gammalt møter nytt
Både vel bevandra sambandsoffiserar og representantar frå den yngre garde var samla under markeringa. På vandring gjennom ei utstilling med sambandssutstyr frå det antikke til topp moderne minnes pensjonert major Odd Selle:
– Eg ser tilbake og gledes og vemmes over utstyr som fungerte eller ikkje fungerte. Det er fantastisk å bli minna på dei gamle tidene frå sambandet, fortel majoren, som har ei karriere på over førti år bak seg i sambandet.
– Det er heilt utruleg korleis teknologien har utvikla seg. Teknologi som me ikkje kunne forestille oss i vår villaste fantasi for år tilbake, er blitt introdusert, seier Selle.
Fagsjef samband og KKIS i Hæren, oberst Trond Lundberg, syner fram den nyaste tilskotet til sambandet: KKIS = Kommando, kontroll og informasjonssystemer
– Den heiter lett feltradio, LFR, og er under innføring i Garnisonen i Sør-Varanger og skal snart bli introdusert for Telemark bataljon. Den er mykje lettare enn det utstyret som blir nytta no. Pluss at den er sikrare. Den skal brukast på tropps- og lagsnivå, fortel obersten.
Korleis sambandsutstyret vil utvikle seg framover, vil han ikkje spå bastant:
– Men det er sannsynlig at mykje av utstyret vil bli mindre og lettare.
Uunværleg
Rundt 420 befal er tilknytta Hærens samband. Dei med teknisk utdanning er ettertrakta både i det private næringsliv og som deltakarar i utanlandsoperasjonar. Mange av dei som er innan sambandet tjenestegjer i utlandet.
– I utanlandsoperasjonane er det ingeniørane og sambandet som rykker først inn. Sambandet er grunnlaget for at militære operasjonar skal kunne foregå, fortel Arnfinn Roel.
– Utan kommunikasjon, ingen operasjon, slår sambandsoffiserane fast.
|

|