
|
Kystvakta går for gass
Kystvakta satsar framtidsretta og vel no gass som drivstoff i sitt nyaste fartøy. Det nye fartøyet skal etter plana stå klart til sjøsetting i slutten av 2007.
Av Øystein Windstad, Forsvarets mediesenter

| | MILJØMEDVETEN: Kystvakta sitt nye fartøy vil sleppe ut 25 prosent mindre CO2- og 90 prosent mindre NOx-gasser. |
Gassteknologien reduserar miljøskadelege utslepp. NOx-utslepp blir reduserte med 80 tonn i året, det vil sei ein reduskjon på opptil 90 prosent. I tillegg vil CO2-utsleppa bli redusert med rundt ein fjerdedel i høve til ein vanleg dieselmotor.
Både økonomi og miljø
Naturgass sparar ikkje berre miljøet men også skattepengar. Drivstoffet som det nye fartøyet skal nytte kostar mindre å bruke enn diesel. Drivstoffet heiter LNG (Liquid natural gas).
- Men, vil dette fartøyet gå like raskt sjølv om det går på gass?
- Det er ikkje drivstoffet, men skroget, som er avgjerande for hastigheita. Skroget er eit flott skrog som gjer at fartøyet skal kunne operere i hastigheiter over 20 knop, fortel skipsdesignar Tor Henning Vestbøstad frå Vik-Sandvik, gruppen som har teikna fartøyet.
Noreg har i Gøteborgprotokollen og Kyotoprotokollen forplikta seg til å redusere klimagassutsleppa. Kystvakta er med sitt nybygg i spissen med på å redusere utslepp i framtida. Ein utfordring med gass som drivstoff er få bunkringstadar. Men dette ser ut til å endre seg. Stadig fleire ferjer og offshorefartøy blir bygd med gassmotor.
Bellona begeistra
Miljøorganisasjonen Bellona talar varmt om den nye satsinga til Kystvakta:
- Vi håpar resten av den offentlige forvaltninga føljer etter Forsvaret som eksempel. Gassdrift ser vi på som eit skritt i retning det utsleppsfrie skipet. På sikt ser vi for oss fartøy drivne i kombinasjon mellom hydrogen og brenselceller, fortel Isak Oksvold, fagsjef for transport i Bellona. Han legg til at Kystvakta med denne satsinga er ansvarsmedveten og tenkjer progressivt.
|

|