Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Forsvarsnett
Forsvarets mediesenter
Oslo mil/Akershus
0015 Oslo

Redaktør
Seniorrådgiver Endre Hjelseth
 



Jahn Rønne, 2005-11-09


Elektrisk møte om fremtida

Eit møte i Foreninga for forsvarselektronikk er eit møte med framtida sitt Forsvar. Her får dei med spesiell interesse for elektronikk boltre seg i den nyaste teknologien i Forsvaret og elektronikkbransjen.

Av Øystein Windstad (tekst og foto), Forsvarts mediesenter


DINA: Medsoldatar blir automatisk spora og plassert på det digitale topografiske kartet i DINA. Utanom GPS-kart har dina funsksjon som gjer det mogleg å sende meldingar og bilder som lokaliserer objekt, f.eks. fiendar.

Forsvaret er ein viktig kunde for det private næringslivet og næringslivet er viktig for utviklinga i Forsvaret. Foreninga for forsvarelektronikk er ein møtestad mellom dei to. Medlemmane er samansatt frå begge verdene. Ein gong i monaden inviterar foreninga nokon til å halde foredrag. Foreninga er eit forum for utveksling av kunnskap og synspunkt for dei med interesse for forsvarelektronikk. Møta er eit innblikk i kva som rører seg og utviklingstrekk innan forsvarsteknologi både i industrien og i Forsvaret.

GPS-kart: Thomas Binnie jr. frå Teleplan demonstrerar den heilnorske nyvinnga DINA. DINA er ein PDA(Personal Digital Assistant) som gjer det mogleg for militært personell å kommunisere og overvåke egne og andre sine bevegelsar.

Glimt av framtida
Foreninga inviterte Thomas Binnie jr frå Teleplan til å fortelje om ei norsk nyvinning innan forsvarsteknologi. DINA, eit nytt konsept innan kommunikasjon og posisjonering fikk foreninga til å fatte interesse. Ideen bak DINA er at alt du treng for å kommunisere og lokalisere dine egne, held du i handa di i form av ein PDA (Personal Digital Assistant) som får plass i brystlomma. I tillegg kan du lokalisere og fortelje andre kvar fienden er på eit interaktivt digitalt topografisk kart. Eit hovedkvarter har til ei kvar tid oversikt over kvar soldatane er og kva status dei har. DINA er med andre ord ein slags miniutgåve av ei bærbar pc med mellom anna GPS-kart, GPRS-mobilnettverk og moglegheit for tilknytting til taktisk radionett.

Mobile enheter
- Trur du dette konseptet er framtida for det norske forsvaret?

- Prinsippet bak kan nok bli det ja. Forsvaret går mot at det skal operere nettverksbasert, med små mobile einheiter ned til enkeltmannsnivå, fortel styremedlem i Foreninga for forsvarselektronikk Per Johnny Haugen.

Forsvaret solid referanse
Folk med teknisk bakgrunn er ettertrakta i industrien. Personell med høg teknisk kompetanse får ofte solide karrierer i det private næringslivet, på grunn av dei unike fagkunnskapane og kjennskapet til Forsvaret. Både styremedlem i Foreninga for forsvarelektronikk Per Johnny Haugen og Thomas Binnie frå Teleplan har lang bakgrunn frå Forsvaret, men jobbar no begge i næringslivet.


- TAKK FOR DINA: Styremedlem i Forenenga for forsvarelektronikk Per Johnny Haugen takkar Thomas Binnie jr. for foredraget om nyvinninga DINA.

- Forsvaret har stor betydning for norsk eksportindustri. Produkt produsert i Noreg vert kjøpt opp og tatt i bruk av Forsvaret, noko som gjev ei solid referanse til selskapa når dei skal lansere produkta utanlands. I tillegg er Forsvaret med på verdiskapning. Rundt ti milliardar i året vert brukt til investering. Ein betydeleg del av dette er med på utvikling og nyskaping i den norske industrien, fortel Per Johnny Haugen.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.