
|
Kvinnerekord i Forsvaret
Forsvarssjefens råd sprenger grenser og legg fordommen om Forsvaret som mannsbastion død. Heile fem av sju rådsmedlemmar er kvinner.
- Eit samansatt styre gjev eit meir reflektert og mangfaldig syn, seier rådet.
Av Øystein Windstad, Forsvarets mediesenter

| | FLEIRTAL: Solid kvinnerepresentasjon. I Front rådsleiar oberst Kristin Lund (Hær). Midten: Hanne Johnsløv, kommandørkaptein (KOL), Kristin Andersen, orlogskaptein (Sjø), Benedicte Steinland, major (Luft). Bak: Rune Stifjeld, major (BFO), Helga Hol, major (Hær) og Stein Otto Hole, Orlogskaptein (NOF). Foto: Øystein Windstad. |
Går ein inn i eit kva som helst styrerom i Noreg, er dei fleste stolane fylt av menn. Men forandring er berre ein gløtt inn i Forsvarssjefens råd unna. Kvinnelege offiserar i viktige stillingar er ein sjølvfølgje og ikkje eit unntak. Forsvarssjefens råd har ein kvinneandel andre styrer kan sjå langt etter. Kvinneleg fleirtal i eit styre er for mange utenkeleg, men i Forsvarssjefens råd er det langt frå unaturleg:
- Målet og det me strebar etter er balanse, men denne gongen kom kvinnene i fleirtal, fortel rådsleiar oberst Kristin Lund.
Tilråder
Forsvarsjefens råd er det organet som innstiller kven som får stillinger og kva offiserar som skal stige i grad. Rådet er bredt samansatt av representantar alle av Forsvaret sine våpengreiner og organisasjonar. Kven som skal representere dei ulike greinene og organisasjonene i rådet, blir normalt bytta anna kvart år.
- Det er viktig at dette rådet gjenspeglar det Forsvaret ein ønskjer å ha, seier rådsleiar oberst Kristin Lund. Utfordringane står i kø.
Rett person på rett plass
I løpet av denne omgangen skal dei handsame 650 tilsettingar i Forsvaret. Jobben er å få rett person på rett plass. Dei erfarer at forklaring av ei stilling er ofte for spissa eller for generell. Rådet oppfordrar alle som søkjer stillinger om å vere påpasseleg med tanke på personleg rulleblad.
|

|