
|
- Beste leiarutdanninga i landet
Med auka profilering skal dei beste rekrutterast til utdanning i Forsvaret. - Me tilbyr den beste leiearutdanninga i landet, løn under utdanning og sivilie grader, seier leiar av Forsvarets skulesenter Tom H. Knutsen.
Av Øystein Windstad, Forsvarets mediesenter

| | REKRUTTERING: - Forsvaret vil i dag ha personar som har eit idealistisk syn. Personar som vil jobbe for menneskerettigheiter, fred og stabilitet i urolege delar av verda, fortel leiar av Forsvarets skulesenter generalmajor Tom H. Knutsen. |
Forsvarets utdanningskonferanse legg i år all vekt på rekruttering.
Søkarmassa på Forsvaret sine utdanningar har den siste tida gått ned. For å snu denne utviklinga, slår no alle forsvarsgreiner seg saman gjennom Utdanningskonferansa. Forsvaret som utdanningsinstitusjon kjem særs godt ut i ei evaluering av Nokut. Nokut er ein statleg organisasjon for kontroll og evaluering av utdanningar i Noreg. Rekrutteringa i Forsvaret går mot ei samla retning for dei ulike greinene. Suksessen med felles opptak og seleksjon av befalselevar til alle greinene er eit tegn på denne trenda.
Ettertrakta
- Forsvaret har den beste leiarutdanninga i landet. Den er veldig ettertrakta i næringslivet og i den offentlege forvaltninga. Men me gjer alt for å halde på dei som kjem inn i Forsvaret, fortel sjef for Forsvarets skulesenter generalmajor Tom H. Knutsen. Knutsen stod for innleiingsinnlegget under utdanningskonferansen.
- Kva kan Forsvaret tilby dei som vil ta utdanning?
- Det er veldig mykje! Me kan tilby løn under utdanning. Me kan tilby den beste leiarutdanninga i landet, som har ein heilt unik kombinasjon av teoretisk og praktisk tilnærming. I tillegg så er det no mogleg å ta utdanningar i Forsvaret som tilsvarar sivile grader, bachelor og master. Sjølv om Forsvaret er i omlegging er Forsvaret ein sikker arbeidsplass. Det vil alltid vere trong for eit forsvar, seier Knutsen.
Søker idealistar
- Kven er det Forsvaret vil ha i dag?
- Me vil ha dei som i kombinasjon med sjølvrealisering ønskar å jobbe for eit mål som er høgare enn seg sjølv. Då tenkjer eg på dei som vil gjere ein innsats for å fremme fred, stabilitet og menneskerettigheiter i urolege delar av verda. Folk som har eit idealistisk mål og ønsker å gjere tjeneste for dei ideala som samfunnet velger å verdsette, seier generalmajor Knutsen. Vidare fortset han:
- Me kan i dag velge frå øvste hylle. Øvste hylle for oss er ikkje berre dei som er teoretisk sterke, men også dei som er praktisk anlagt og god i eit handverk.
|

|