Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Robin Røkke Johansen, 2005-12-20


Siste Irak-soldatar heim

SESSVOLLMOEN: Noregs Irak-bidrag er offisielt over. Søndag kveld kom dei siste norske soldatane heim. - Me har fått systematisk gode tilbakemeldingar på den norsk innsatsen, seier statssekretær Espen Barth Eide.

Av Øystein Windstad og Torgeir Haugaard (foto), Forsvarets mediesenter

Foto: Torgeir Haugaard, FMS.
TENESTEMEDALJE Oberstløytnant Jens Inge Hyndøy mottek tenestemedalja som syner at han har tenestegjort i Irak. Hyndøy var i Bagdad i seks månadar og jobba i internasjonal sone med oppbygging av Iraqi ground Forces Command.

Oberstløytnant Jens Inge Hyndøy og major Lars Petter Kolle hadde ikkje fått alle inntrykka på avstand enno før dei blei dekorert av forsvarssjefen tirsdag. Dei to offiserane deltok begge i Nato Training Misson i Bagdad.

Til stades på medaljeutdelinga var også statssekretær Espen Barth Eide i Forsvarsdepartementet:
- Me vil med denne medaljeutdelinga syne dei som har delteke i denne operasjonen merksemd. Dette er folk som har teke på seg stor personleg risiko for eit oppdrag, og då fortener dei merksemd, seier statssekretær Barth Eide.

Bagdadfaktoren
- Kva er inntrykka de sit igjen med frå Bagdad?
- Det første som slår ein når ein kjem dit er at ein kjem til eit miljø med mykje støy. Det er sirener, skot, detonasjonar og helikopter. Men ein venner seg til det, og kjem i ein modus der at ein greier å gjere jobben og fungere som normalt, fortel dei.

Vidare legg dei til:
- Så har du Bagdad faktoren. Alt tek lengre tid. Å kome seg frå ein stad til ein annan, kanskje berre snakk om få kilometer, kan ta lang tid. Ein kan ikkje reise som normalt, det er alltid væpna eskorte med.

Foto: Torgeir Haugaard, FMS.
I NOREG Major Lars Petter Kolle og oberstløytnant Jens Inge Hyndøy ei trygg natts søvn etter heimkomsten til Norge. – Me ville ikkje vore denne erfaringa for utan, fortel dei.

Forsvarsbygging
Oppdraget gjekk ut på å utdanne irakiske offiserar i korleis byggje opp og drive eit eige forsvar. Dei norske offiserane tok til på eit arbeid der dei måtte begynne frå null:
- Det var ganske spesielt å sett i gang Iraqi ground Forces Command. Allereie etter seks månader var dei i stand til å handtere sitt første oppdrag. Dette har vore det mest spanande militærfaglege året, seier oberstløyntnant Hyndøy.

Trass sterke opplevingar og visse uromoment ville ikkje major Kolle vore forutan tenesta i Irak:
- Du verden for ein opplevelse, konkluderer han.
- Det beste med å kome heim er å sjå familien igjen, og det å få mental ro. Samstundes når ein er tilbake i Noreg, så tenkjer ein på dei ein har jobba tett side om side med, og korleis det går med dei. Vil dei lykkast i demokratibyggingsprosessen og kvar går vegen vidare? Me er opptekne av at dei skal lykkast.

Stressmeistring
Noko av det første som møtte Hyndøy og Kolle etter at dei landa på norsk jord var stressmeistring, eit verktøy for å takle og arbeide med opplevingar:
- Me blei godt trena av Hærens styrker før me reiste ut. Stressmestringa føregår før, undervegs og etter opphaldet. Den er både viktig og riktig. Det er bra at tilbodet om stressmestring er der. Ein del er obligatorisk, men me kan også få oppfølging ved høve om me ønskjer det, fortel dei.

- Samstundes er det å dra på smilebanda, dra fram ein latter og fri-kople saman med gode kollegaer viktig, legg dei til.

Foto: Torgeir Haugaard, FMS.
FORSVARSSJEFEN: - Våre samarbeidspartnerar har anerkjend arbeidet til dei norske i Irak. Eg er stolt over det dei norske offiserane har utretta, sa Diesen under sin tale før medaljeutdelinga.

Nøgd
Forsvarssjef Sverre Diesen fortalte under sin tale om viktigheita av å ta vare på veteranar. Han skisserte ein eigen veteranadministrasjon som kan bli ein del av Forsvarsstaben. Og om innsatsen til dei ferske Irak-veteranane uttalte han dette:
- Innsatsen har vore formidabel. Våre samarbeidspartnerar har uttrykt sin anerkjenning for arbeidet til dei norske offiserane.





 

Relaterte artikler



Treningsoffiserene reiser hjem 2005-12-14