
|
Året HV blei fødd på nytt
Generalinspektøren i Heimevernet må klype seg sjølv i arma. Nytt utstyr, ei topptrent innsatsstyrke, kvalitetsreformer og lovord frå Forsvarssjefen. Trass dette skal ikkje HV bli assosierte med elitestyrke.
Av Øystein Windstad, Forsvarets mediesenter

| | LEIAR FOR Å ENDRE: GIHV leiar ei våpengrein som er "eit av dei synlegaste teikn på transformasjonen", ifølgje forsvarssjefen. |
Generalmajor Bernt Iver Ferdinand Brovold ser tilbake på året som har gått. Han lener seg framover i stolen og snakkar vel så mykje om tida som kjem, som året som har gått. Heimevernet har fått nye oppgåver og har i 2005 for alvor starta starta arbeidet med å omdefinere seg sjølv.
Smertefritt
Brovold fortel at Heimevernet har levert ein ny fredsorganisasjon 13 månader etter Stortinget si beslutning.
- Me har oppretta 13 nye distrikt, tatt ut 135 årsverk, det vil sei 70 millonar spart per år. I tillegg så har me spart store beløp på andre vis, blant anna med å gå ned i antall basar. Dei frigjorde beløpa blir brukt i kjerneverksemd, som er å produsere operative kapasitetar. Det vil seie innsatsstyrke, forsterkingsstyrke og oppfølgingsstyrke, fortsett han.
- Eg må stoppe opp og bite meg sjølv i arma, av og til trur eg at eg drømmer. Det har gått så bra at det er vanskeleg å tru. Me har kome så langt som me skulle i løpet av 2005, på ein smertefri måte. Dei 135 årsverka har anten blitt omplassert eller fått tilbod om sluttpakkar. Det er ingen som står på bar bakke utan framtid, alle har fått hjelp over i ny jobb og karrière.
- Største suksesshistoria
Brovold er ikkje åleine om å vere oppglødd. Forsvarssjef Sverre Diesen uttalte dette under sin årlege tale:

| | OM FEM ÅR: - Då er me ferdige med dei tre omstillingsafasene og har eit nytt HV tilpassa den nye situasjonen og oppgåvene. | - Heimevernet er på mange måtar den største suksesshistoria i samband med Forsvaret si omstilling. (....) også denne endringa er vellykka, og det er grunn til å gratulere HV som frå å vere kanskje den mest konservative del av Forsvaret, er blitt eit av dei synlegaste teikn på transformasjonen.
2005 vil stå i forandringa sitt teikn. Året som har gått har Heimevernet fått innsatsstyrke, fornya materiell, retta seg mot nye oppgåver som antiterror for å nemne noko.
- Min påstand er at ei kvar omstilling er 25 prosent strukturell forandring, men 75 prosent er kulturendring. Tidleg i 2005 starta me det me kallar kulturreforma. Det er like mykje ein mental prosess som konkrete tiltak, seier generalen.
Ferdig i 2008
- Kva og korleis ser du for deg HV om fem år?
- HV er tilpassa til dei nye føringar som er lagt av politikarane. Det vil sei at me er ferdige med dei tre omstillingsafasene og har eit nytt HV tilpassa den nye situasjonen og oppgåvene.
- Om du kunne bestemme absolutt alt, frå kor mykje pengar HV skulle få tildelt, og korleis HV skulle sjå ut, korleis ville du då forma HV?
- Det hadde ikkje endra på det som er planlagt skal skje med HV. Me fekk bra gjennomslag og forståing blant politikarane under høyringane. Det som blei vedteke er veldig likt det me militærfagleg sjølv ønska oss. Det er ein liten divergens, men den er minimal. Eg er godt nøgd med dei rammene og føringane som blei lagt. Og når det kjem til spørsmålet om resursar, så vil eg altså ikkje ha meir pengar. Eg vil ha tilført det som er forutsetninga og det er 1,4 milliardar kroner tilført i året i 2008.

| | FRAMLEIS RELEVANT: - Det er dei folkevalde som har bestemt at HV skal utviklast slik som no, og at det er dette samfunnet treng, seier generalmajor Bernt Brovold, generalinspektør for HV. |
- Trengst i tida framover
I 2005 har HV levert personell til skarpe oppdrag både til årets flåtebesøk og Donald Rumsfelds Noregsvitjing.
- Den kalde krigen er over og trusselbiletet er forandra. Treng ein Heimevernet framleis?
- Det er det ikkje tvil om. Reint militærtfagleg er eg ikkje i heile tatt tvil om det. Det er heller ikkje dei folkevalde i tvil om. Det er dei som har bestemt at HV skal utviklast slik som no, og at det er dette samfunnet treng. HV er ein utfyllande del av forsvarsmakta med sine kapasitetar. Det er også nedfelt i norsk lov at HV skal vere på alerten og støtte det sivile samfunn med tanke på naturkatastrofer og tilsvarande.
Minimum-forsikring
- Ei godt trent og spissa innsatsstyrke med nytt utstyr som er først på plass der det skjer. Ein kan jo få assosiasjonar mot ei elitestryke?
- Å kalle det ei eliteavdeling blir heilt feil. Dette er det som det norske folk treng som eit minimum av forsikring. Og ikkje minst ei forsikring over dei verdiane som Noreg er i besittelse av. Men at soldatane blir gode, det er eg ikkje i tvil om. Spesielt neste år, når forsterkings og oppfølgingsstyrkene kjem på plass. Dei var i 2005 berre ferdig designa, men skal no ta form.
Så er vår avmålte tid over, og Brovold må ta imot neste gjest.
- Det er ikkje ein kvileheim å vere GIHV, seier han med eit smil.
|

|