Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Randi Ellingsen, 2006-07-11


Fleire pengar til dei vernepliktige

Stortinget har vedtatt å auke satsane for dei vernepliktige. Det betyr at dei får litt meir å rutte med i kvardagen.

Av Randi Ellingsen, Forsvarets mediesenter

Foto: Torgeir Haugaard, FMS
AUKE: Det blei meir i lommeboka frå 1. juli. Foto: Torgeir Haugaard, FMS.

Ved Stortingets handsaming av stortingsproposisjon nr. 75 (2006–2006) – Regulativ for tillegg med vidare til utskrivne vernepliktige mannskap – blei det vedtatt at dei vernepliktige skal få ei satsauke gjeldande frå 1. juli. Satsane blir ikkje etterregulert for mannskap som allereie er dimmitert.

Aukinga
Tenestetillegget for vernepliktige er nå på 126 kroner per dag. Dette er ei auke på 5,10 kroner. For dei vernepliktige som tenestegjer som korporal, er det nye tillegget på 16 kroner per dag, ei auke frå 15,35 kroner.

Kompensasjonstillegg
Repetisjons- og heimevernssoldatar som kan dokumentere at dei ikkje mottar løn frå arbeidsgjevar, eigen verksemd eller offentleg kontor, får eit kompensasjonstillegg. Dette tillegget er auka frå 237 kroner til 247,50 kroner.

Familietillegga
Ektefelletillegga blir nå på 3375 kroner per månad (tidlegare 3231 koner). Dette gjeld også for sambuande par med felles barn og for sambuande som har inngått registrert partnarskap. Barnetillegga er nå på 3834 kroner per månad for første barn, 1581 kroner per månad for dei andre barna. Dette er ei auke på høvesvis 165 kroner og 66 kroner.

Sluttgodtgjersle
Dimisjonsgodtgjersle er ein eingongsutbetaling vernepliktige får etter at tenesta er avtent. Tidlegare var dette beløpet på 20 000 kroner. Nå får dei vernepliktige 900 kroner meir, altså 20 900 kroner.

For dei som tar utdanninga si i Forsvaret, er det ei sluttgodtgjersle kalla utdanningsbonus. Den er i staden for dimisjonsgodtgjersle. Utdanningsbonusen blir nå høgna til 8367 kroner frå 6935 kroner – ei auke på 1432 kroner.

Vernepliktig akademisk befal
Mellom anna prestar og legar blir utskrivne som vernepliktig akademisk befal. Dei som får grad som løytnant med bakgrunn i si sivile utdanning, blir løna tilsvarande lønstrinn 36 (lr 36, alt. 8). Kapteinar på bakgrunn av sivil utdanning får løn samsvarande med lønstrinn 40 (lr 37, alt 8).





 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.