Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Frank Rosvoll, 2006-09-19


Etableringskontingenten heim

SESSVOLLMOEN: Før helga kom fyrstekontingenten frå det norske feltsjukehuset i Mazar-e Sharif heim etter seks månaders teneste. Dei har bygd opp eit regionalt sjukehus og hatt både norske og afghanske pasientar.

Av Frank Rosvoll og Vegard Breie (foto), Forsvarets mediesenter

Foto: Vegard Breie, Forsvarets mediesenter
HEIME IGJEN: Kim Johansen og Gry Føynum er to av 37 nordmenn som har tenestegjort på det norske feltsjukehuset i Mazar-e Sharif.

– Opphaldet vart prega av at vi skulle etablere oss og begynne å levere helsetenester, seier oberstløytnant Lars Terje Olsen, sjef for Norwegian Deployable Hospital (NDH).

Operativ
På fredag var det dimisjon og avtakking som sto på programmet for sanitetssoldatane som var komne heim til Noreg etter seks månaders teneste på det norske feltsjukehuset i Mazar-e Sharif. I løpet av eit halvt år har dei, saman med tyske og svenske kolleger, bygd opp eit mindre regionalt sjukehus, styrka med ulike kompetanseområde som anestesi og kirurgi. Primærpasientane er Isafs eigne soldatar, men også det afghanske samfunnet nyt godt av sjukehusets leveransar.

Utfordrande
– Det har vore ei utfordrande og spanande oppgåve å leie arbeidet med å skipe til sjukehuset. Vi har jobba med å kome inn og levere helsetenester, noko ein må kunne seie at vi har greidd. Vi har hatt omlag 850 pasientar på sjølve sjukehuset, og 2000 personar har kome for vanlege lækjarkonsultasjonar hjå oss, seier oberstløytnant Lars Terje Olsen.

Foto: Vegard Breie, Forsvarets mediesenter
NØGD SJEF: Oberstløytnant Lars Terje Olsen sier seg nøgd med innsatsen som er lagt ned for å etablere feltsjukehuset. No går han i stillinga som planleggjar på FSANs strategikontor.
Han opplys om at feltsjukehuset har hatt mange afghanske pasientar. Mellom anna grunner dette i at dei internasjonale styrkane vil gje noko tilbake til det sivile samfunnet som omgjev dei, men også fordi spesialistane på sjukehuset treng å praktisere. Denne delen av verksemda har skjedd i samforståing med dei afghanske helsestyresmaktene.

Ikkje for militære backpackarar
– Eg vil absolutt anbefale opphaldet, men det er viktig å vere klar over at vi er der for å gjere ein jobb. Vi har ikkje bruk for dei som trur dei skal legge ut på ein slags militær backpacker-reise, sier løytnant Kim Johansen, som tenestegjorde som administrasjonsoffiser på feltsjukehuset.

Han seier at dei tilsette ved sjukehuset har lagt ned ein solid innsats for etablere sjukehuset.
– Alt måtte setjast opp, og rutiner måtte etablerast. Det har vore ei meiningsfyld til med mykje arbeid, avsluttar han.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.