
|
Testskytinga godt i gang
DOVRE: Denne veka byrja Forsvaret testskytinga av cargo-ammunisjon på Hjerkinn. Om lag 350 granatar skal fyrast av i løpet av fire veker.
Av Frank Rosvoll og Torgeir Haugaard (foto), Forsvarets mediesenter

| | BERRE PÅ GRUSBANEN: Bombletsane fell berre ned på den 400 x 600 meter store grusbanen inne på skytefeltet. Foto: Jens-Tore Alfei, Forsvaret. |
Målsetjinga er at testskytinga skal gje eit sikrare statistisk grunnlag for å seie kor mange blindgjengarar ein må rekne med.
I går vart skytinga stogga av vinden som kom opp i ti sekundmeter, noko som hemmar dei akustiske måleinstrumenta som omkransar den 400 x 600 meter store grusbanen. I dag er skyteveret fint, slik at det går greit å gjere målingane.
Granatene detonerar etter kvart over grusbanen, og berre den. Ikkje alle synes det er greit at testskytinga finn stad. Einskilde demonstrantar nyttar seg av retten til å ytre seg på fredeleg vis. Politiet har folk til stades i området. Dei skal syte for at ting ikkje utartar seg eller at det kjem til farlege hendingar.
Mediene tilstades
– Til dagens skyting har Forsvaret invitert presse og frivillige organisasjonar slik at dei sjølv kan få sjå korleis Forsvaret gjennomfører testskytinga. I alt 30 journalistar og fotografar er tilstades. Det same er Norsk Folkehjelp og Natur og Ungdom. Forsvaret har heile tida lagt stor vekt på å syne fram kva som skjer, og kvifor testskytinga skjer, seier major Christian Øverli, presseoffiser i Forsvarsstaben.

| | ARTILLERI-SJEF: Oberst Stein Lauglo er fagsjef for artilleri og luftvern i Hæren. |
Grensa ein prosent
Når Forsvaret har gjort seg ferdig med testskytinga, skal både dei akustiske og elektrooptiske målingane setjast saman slik at ein får eit nøyaktig og lestbart resultat. Den politisk og forsvarsfaglege fastsatte grensa for kor mange blindgjengarar ein vil tolerere, er set til ein prosent.
Resultata frå testskytinga vil venteleg kunne påverke utkommet av politikaranes handsaming om Noreg skal halde fram med å nytte cargo-ammunisjon – ein ammunisjonstype som utgjer ikkje mindre enn 40 prosent av all artilleriammunisjon Forsvaret har.
Forsvaret har denne ammunisjonstypen grunna eigenskapane den har nytta i høgintensitetskonfliktar, til dømes som ledd i forsvar mot ein motorisert og pansra motstander som rykkjer fram i eit ubebodd område.
Fullgod erstatning finnst ikkje
I 2005 blei det under testskyting gjort funn som indikerte at førekomsten av blindgjengarar kunne vere over den fastsetne grensa på ein prosent. Om norske styresmakter finn at denne ammunisjonstypen må fasast ut av den norske ammunisjonsbehaldninga, blir det vanskeleg å finne jamngode alternativ per i dag.
– I eit fem til ti års perspektiv kan desse bomblets-granatane erstattast av moderne sprenggranatar i kombinasjon med panserbrytande ammunisjon. Utviklinga av erstatning for bomblets-granatane er imidlertid på forskingsstadiet, men eg strekar under at Forsvaret sjølvsagt vil retta seg etter politiske føringar, seier oberst Stein Lauglo, fagsjef for artilleri og luftvern i Hæren.
|

|