Forsiden Aktuelt Presse Pekere Fakta Send spørsmål Nettstedskart Søk Kontakt
 
Forsvarsnett :

Innhold


Om Forsvarsnett
 



Randi Ellingsen, 2006-09-28


I asurblå farvatn

TOULON: Under Middelhavets varme sol sitt to unggutar og pussar delar av ei mitraljøse. Inne i ein kjølekonteinar jobbar ein annan frenetisk med å få rydda opp i sølet frå juicepakkar som ikkje var særskild tette då dei kom.

Av Frank Rosvoll og Torgeir Haugaard (foto), Forsvarets mediesenter

Foto: Torgeir Haugaard, FMS
SAMLA EINING: Morfartyet Valkyrien og fire MTB-ar frå 22. skvadron i lag i hamna i Toulon.

Med summen av mange detaljar på plass blir 22. MTB-skvadron klar til å segle i asurblå farvatn.
– Eg kan ikkje nekte for at tanken på at vi skal få segle i Middelhavet gjer meg glad. Alternativet, ein kald og våt norsk haust, jamvel snart holkeføre, kjem eg ikkje til å sakne, seier ein munter austlending med et brett smil mens han held vakt på kaikanten.

Blir sendt austover
Forsyningsskipet Valkyrien og fire av 22. MTB-skvadron (missil torpedo båt) har gjort eit "rendezvous" med mannskapet som blei igjen i Bergen. På måndag blei dei ynskja lukke til av forsvarsmisteren som vitja dei heime på Haakonsvern i Bergen. Tysdag kom dei til Toulon, som er hovudkvarter for den franske Middelhavsflåten.

I morgon legg dei ut for å delta på den fleirnasjonale øvinga Brilliant Midas, ei sertifiseringsøving for Nato sine maritime reaksjonsstyrkar (NRF).

22. MTB-skvadron er i NRF 8, som tyder at dei i inngår i ein seks månader lang beredskap for natostyrken. Samstundes bør det vere kjend at den same skvadronen også skal vere ein del av FN-styrken (UNIFIL) i Libanon. I morgon vil venteleg regjeringa formelt gjere eit vedtak om at dei norske MTB-ane skal sette kursen mot farvatna lengst aust i Middelhavet.

Foto: Torgeir Haugaard, FMS
LEIAR STYRKEN: Orlogskaptein Narve Nordanger.

Oppkjøring
– Når det gjeld Brilliant Midas er det fyste gong norske farty tek del i ei øving i Middelhavet. Det vil bli ein test av vår kommandostruktur og kompetanse som NRF-styrke, seier orlogskaptein Narve Nordanger, sjef for 22. MTB-skvadron.

Mykje av hensikta med øvinga er å trene på å flytte styrkane langt og utføre ulike oppdrag utan at dei blir tilført etterforsyning.

Logistikkfartøyet, ”morfartyet” til dei fire MTB-ane, skal syte for at MTB-ane får det dei treng.
– Vi ynskjer naturleg nok at Nato skal sjå at vi duger, og at dei ynskjer å bruke nett oss om nødvendig. Nato vil ha kvalitet. For å bruke fotballterminologi kan ein samanlikne NRF med eit lag. Nato vil toppe laget, og dei beste får spele. Er ein ikkje god nok, må ein rekne med plass på reservebenken, seier skvadronsjefen, med et smil i skjegget.

Ikkje makteslaus FN-styrke
Uansett kjem MTB-ane og Valkyrien til å bli nytta i eit internasjonalt oppdrag. Farvatna utanfor Libanon venter.

Ulikt dei norske FN-soldatane, som ikkje hadde mandat til anna enn å nytte makt i rein nødverje, har 22. MTB-skvadron eit robust mandat. Jamvel forsyningsfartyet Valkyrien er utstyrt med mitraljøser og varmesøkjande missilar.
– Vi kan verje oss sjølve, andre FN-styrkar, libanesiske styresmakter, hjelpeorganisasjonar og sivile. Denne gongen har vi mandat til å bruke makt for å gjennomføre oppdraget, forsikrar Nordanger.

Foto: Torgeir Haugaard, FMS
ROBUST MANDAT: Nordmennene har mandat til å nytte makt for å utføre FN-oppdraget.

Logistikk på kjøl
Valkyrien si oppgåve blir å syte for at MTB-ane får det dei treng av proviant, diesel, reservedelar og ammunisjon. Alt av forbruk for å seie det kort. Valkyrien er logistikkeininga i den norske styrken. I tillegg til mannskapet på atten personar, er det og folk frå Sjøforsvarets logistikkvåpen ombord. Her er det både prest, lækjar og teknikarar. På dekket finst mellom anna eit lækjarkontor, plassert i ein konteinar.
– Om oppdraget krev det, kan vi syte for at MTB-ane kan seile i vekesvis utan å gå til land, seier kapteinløytnant Christian Erstad, skipssjef på Valkyrien.

Foto: Torgeir Haugaard, FMS
FØREBUINGAR: Uten mat og drikke duger …

Langt borte, lenge
Truleg får Valkyrien heimebase i Limmasol på Kypros, i likskap med MTB-skvadronen. Men aller mest vil fartyet med det flotte namnet bli å finne på sjøen. Det er mange ombord som skal leve tett på kvarandre, og det i lang tid. – Det er ingen plan for avløysing for oss på Valkyrien. Reisa ned hit og deltakinga i øvinga utgjer omlag halvanna månad. Om vi held fram med eit halvt år utanfor Libanon blir det fort åtte månader i strekk. Det må berre gå det òg, seier Erstad.

Mange på Valkyrien har tenestegjort på MTB-ar tidlegare, og snittalderen på mannskapet er difor noko høgare enn ombord på MTB-ane. Det er mange her som har stifta familie.
– Nei, akkurat den biten er ikkje den enklaste. Det må likevel seiast at Forsvaret har gjort mykje for å følgje opp familiane våre med informasjon og anna hjelp. Det passar sjeldan godt å reise bort, men det er noko som følgjer med jobben, konstaterer skipssjefen på Valkyrien.

Hauk-klasse MTB
MTB-ane er kjennetekna av stor fart, høg mobilitet, rask reaksjonsevne og kraftig slagkraft. Fartya er konstruert for å operere i kystnære farvatn og er velegna for overflateoperasjonar både sensor og våpenmessig.
  • Fart: 30 knop
  • Lengde: 36 meter
  • Deplasement: 150 tonn
  • Bestykning: Kanon, missilar, torpedoar
  • Besetning: 10–12 befal, 10–13 vernepliktige og matroser.
Lønn og tillegg for mannskapa i Libanon
Grunnlønnstrinnet og tillegga lista nedanfor er det minimumsnivået som gjeld for dei verva menige som har skrevet under på kontrakt. Alle befal får meir avhengig av graden dei har.
  • Bruttolønn (lønnstrinn 17): 18 166 kroner/mnd
  • Misjonstillegg: 16 000 kroner/mnd
  • Eventuell forsørgjerbyrde (ved barn): 3000 kroner/mnd
  • Utanlandstillegg (skattefritt): 6188 kroner/mnd
Total bruttolønn for ein menig MTB-soldat utan barn vil då vere 40 354 kroner per månad.




 

Relaterte artikler
Ingen relaterte artikler.