
|
Startar FN-oppdraget 27. oktober
Den norske regjeringa har tilbode å ta del i den maritime styrken som skal patruljere havområda utanfor kysten av Libanon. 27. oktober settes norske MTB-ar (missiltorpedobåt) og støttefartyet KNM Valkyrien inn i oppdraget.
Av Frank Rosvoll og Torgeir Haugaard (foto), Forsvarets mediesenter

| | BIDRAGET FRÅ NOREG: Støttefartyet Valkyrien og dei fire MTBane. |
Dei fire MTB-ane og KNM Valkyrien er no i farvatna kring Toulon, på den franske Midddelhavskysten. Der tek dei del i øvinga ”Briliant Midas”, som eigentleg er ei sertifiseringsøvelse for Nato sine reaksjonsstyrkar til havs. Øyvinga tek slutt dei nærmaste dagane.
Innlastinga av dei norske MTB-ane på eit dokkingsfarty vil venteleg finne stad 15. eller 16. oktober. Etter plana skal dei vere framme ved basen i Limmasol på Kypros 23. oktober.
To dagar seinare skal dei vere klare for overføring til FN-styrken, det vil seie 25. oktober. Denne FN-styrken er under tysk maritim leiing.
- Der skal det norske styrkebidraget gjennomføre ei trening i lag med maritime einingar og farty frå andre land som utgjer FN sin maritime styrke. 27. oktober skal styrken settast inn i operasjonen, med å avpatruljere libanesisk territorialfarvatn, seier kommandørkaptein Helge Tonning, leiar for MTB-våpenet i Sjøforsvaret.
|

|